Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Landbruket og Grønt Punkt oppfordrar til plastdugnad

Norge er i verdstoppen på innsamling av landbruksplast, men det er dårleg nytt for både bønder og miljø at kostnadane med ordninga har auka kraftig.

Tørres Bore (t.v.) presser landbruksplasten sjølv. – Plasten blir lagt rett i pressa, og fire gongar i året kan me levere plasten til 4H i Klepp. Ordninga fungerer veldig godt her, seier han. Martin M. Haarr vil ha med alle bønder på plastinnsamling. (Foto: Karl Erik Berge)
Tørres Bore (t.v.) presser landbruksplasten sjølv. – Plasten blir lagt rett i pressa, og fire gongar i året kan me levere plasten til 4H i Klepp. Ordninga fungerer veldig godt her, seier han. Martin M. Haarr vil ha med alle bønder på plastinnsamling. (Foto: Karl Erik Berge)

I 2019 vart det samla 19 446 tonn landbruksplast. Med ca. 40 prosent fukt og forureining, 7 786 tonn, gir dette 11 680 tonn til netto gjenvinning.

No har endringar i lovverket, dårleg avsetning av brukt plast og fall i råvareprisen for resirkulert plast, ført til opphoping av landbruksplast på plastmottak. Mange mottak har store lager.

I 2018 gjekk innsamlinga av landbruksplast med 7,5 millionar i underskot. Grønt Punkt Norge, som har avtale med innsamlarar av plasten, opplyser at ordninga framleis går med underskot.

– Når det gjeld underskotet, er planen å komme i mål over ein toårsperiode. Korleis situasjonen er per no, er det for tidleg å seie noko om, fordi sesongvariasjonane er store, skriv Arve Martinsen, kommunikasjonsrådgivar i Grønt Punkt Norge, i ein e-post til Bondebladet.

Grønt Punkt har systema

– Landbruket ønskjer at Grønt Punkt Norge skal drifte returordninga for landbruksplast. Kvifor er dette så viktig?

Annonse

– Det er jo ikkje viktig, isolert sett, men vi har systema for det. Vi er ein non-profit organisasjon med 25 års erfaring, og har samla inn miljøvederlag frå våre medlemmer. Alt dette går til å gjenvinne plasten. Det vil seie at vi har eit nettverk med innsamlarar over heile landet og avtale med gjenvinnere både i Norge og Europa. Slik kan landbruksplasten nyte godt av systemet for innsamling og gjenvinning av emballasje, skriv Martinsen.

– Er det mogleg å finne ein betre gjenbruksverdi av plasten, slik at ordninga blir sjølvfinansierande på ny?

– Dersom alle deltar i ordninga, vil det bli billigare for alle partar. Dersom det blir betalt for all landbruksplast, vil kostnadane bli fordelt på fleire og heile ordninga vil dermed bli billegare.

– Det finst importørar som ikkje betaler miljøavgifta, ho er ikkje lovpålagt. Kva er di oppfordring til desse?

– Dugnad er stikkordet. Det finst dei som aldri deltar, men like fullt nyttar seg av goda som naboar og resten av fellesskapet legg til rette for. Dersom alle berre tenkjer på seg sjølve, blir det vanskeleg å skape gode kollektive ordningar, skriv Martinsen til Bondebladet.

Å ikkje betale = snylting

Å betale miljøgebyret er å delta i miljødugnaden for innsamling og gjenvinning av næringslivsplast. Det gjer alle næringar i Norge, meiner KSL-revisor Martin M. Haarr.

– Det å ikkje betale, er å snylte på ordninga som har eksistert i om lag 20 år her i landet. Vi er i toppsjiktet når det gjeld å samle inn landbruksplast. Kjem du ned i Europa, og andre stader, så er det mykje plast på avvegar. Alle kan bli betre, også vi. Alt dette har ein kostnad som kvar næring må ta, seier Haarr som minner om at det er ulovleg å brenne plast.

Neste artikkel

Slik rammer Nortura-planen