Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Lag ein risikoanalyse

Kvar bonde bør lage ein risikoprofil for sin eigen gard, anbefaler Anders Formo.

Landbruket bør vere betre førebudd på flaum og tørke, meinar Anders Formo (Foto: Privat)

Linda Sunde intervjuer i denne saken Anders Formo.

Anders Formo, mjølkebonde og leiar i Sel og Vågå Bondelag, veit kva det vil seie å vere utsett for naturkreftene.

I fjor kjempa han faktisk både mot først flaum og deretter tørke.

– Gudbrandsdalslågen går rett gjennom eigedomen vår, så vi har måtta takle flaum så lenge eg kan huske. Beredskap mot vatn har eg vakse opp med, fortel han.

– Dersom det først flaumar over, gjer det store konsekvensar.

I fjor var situasjonen likevel spesiell, sidan han deretter opplevde tørke.

Etter det har han tenkt.

Landbruket må vere betre forberedt, meiner han.

Han anbefaler at kvar enkelt bonde lager ein risikoanalyse for sin gard.

Fjoråret ein vekkar

– Er du utsett for from? Er du avhengig av innkjøpt fôr? Er du utsett for tørke? Har du ikkje vatningsmoglegheiter, spør han.

– I fjor såg eg konkrete eksempel på at dei som klarte seg absolutt best, var dei som hadde god styring på eigen risiko, seier Formo.

Annonse

– Gå gjennom kva for tiltak som kan redusere risikoen din. Er du i ein høg risikoklasse, er det fornuftig å ha ekstra fôr på lager, som du kan rullere. Kanskje skal du bruke nokre kroner på å drenere jorda di? Tenk gjennom kva som er dei svake og sterke punkta dine, og kvar du kan bli betre. Fjoråret kan på denne måten vere nyttig, som ein vekkar. Dersom du går gjennom kva tiltak som kan redusere risikoen i di drift, vil det hjelpe i et vanskeleg år. Det som berga mange i fjor, var at dei fekk tak i halm frå korngardar. Kanskje skal du ha ein avtale med kornbønder i andre distrikt, som raskt kan ta vare på halm dersom du ser at du får for lite fôr? Dess meir du klarar å sikre drifta di, dess betre, seier Formo.

Betre å førebyggje

Men vil det løne seg å bruke pengar på å førebyggje, når staten kjem inn med erstatningsmidlar når det går gale?

– Det er ein veldig tilfredsstillelse i at du kan takle dei fleste forhold sjølv. Å ikkje gjere tiltak for at staten skal redde oss med erstatning, er ei dårleg sak for bondenæringa. Dei kronene som gjekk ut i erstatningsordninga, hadde vore betre å bruke på førebyggande tiltak. Dette er noko politikarane bør tenkje på. Eg tar ikkje til orde for å fjerne erstatningsordninga, men ein del av pengane burde heller vore brukt i forkant, til førebyggande tiltak, seier Formo.

Han erkjenner at det ikkje er alle stader det løner seg å investere i vatningsanlegg, dersom tørke kjem sjeldan. Og han presiserer at dei verste naturkatastrofene kan ein ikkje førebyggje seg vekk frå. Men mange kan gjere tiltak som gjer utfordringane i vanskelege år lettare, meiner han.

– Er det mogleg å investere i vatning? Korleis er grøftetilstanden? Skal du auke avlinga på arealet som ligg nær garden din? er det mogleg å få til ei meir kompakt drift? Etter min syn bør Bondelaget gå i bresjen, og kanskje kan Norsk Landbruksrådgivning gje eit rådgivingstilbod, foreslår Formo.

Inn i landbruksplanen

Sel og Vågå kommunar held no på rullere landbruksplanen. Det er sett ned ei eiga gruppe som ser på risikostyring i landbruket, der Bondelaget er med.

– Vi har fått med oss kommunane på å tenke risikostyring. Vi kan jobbe i fellesskap, seier Formo.

Han har tru på felles innsats, enten det gjeld vatningsanlegg, førebygging mot flaum eller jobbing for å få meir offentlege midlar.

– På regionalt og nasjonalt plan er det viktig med verkemiddel og investeringspakkar både for vatningsanlegg og grøfting. Det har skjedd ein del, men det er stadig eit stort behov, seier han.

– På 70- og 80-talet var det mange store, felles vatningsanlegg, for då var det midler til det. No er mange av desse anlegga for gamle, og strukturen er anleis. Mykje jord er leigd ut. Det gjer ein meir sårbar, seier Anders Formo.

Neste artikkel

NVE: – Det kan oppstå hendelser alle steder