Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kyr, sau og geiter er ikkje klimaverstingar

Mykje utmark: Noreg har svært store utmarksareal som berre beitedyr kan nytte, skriv Halvor Øygarden i Vinje. (Foto: Marit Glærum)
Mykje utmark: Noreg har svært store utmarksareal som berre beitedyr kan nytte, skriv Halvor Øygarden i Vinje. (Foto: Marit Glærum)

Frå mange hald blir det stadig halde fram at det er så ille for klimaet å eta raudt kjøt. Dette blir slukt rått av veganar, dyrevernarar, klimaaktivistar og mange andre.

Det er lett å gå seg vill når ein ikkje har nok kunnskap om fotosyntesen eller assimilasjonen av CO₂. Dette er grunnlaget for alt høgare liv på jorda, der grøne planter bygger opp gras, frukt, korn og ja, all mat for menneske og dyr, med hjelp av sollyset, CO₂ frå lufta, vatn og andre næringsstoff i jorda. All plantekost desse dyra et, er det plantene som har bunde opp CO₂.

Ei høyavling på t.d. 750 kilo turrstoff (avling pr. dekar), bind 1100 kilo CO₂. Dersom denne avlinga ligg og rotnar, eller blir brent, så går all CO₂ tilbake til lufta. Det same med beitegras på fjell og vidde. Men dersom kyr, sauer eller geiter blir fôra med dette, går også CO₂ tilbake til lufta, men me får mjølk, kjøt, huder, skinn og ull.

Dyra kan ikkje lage karbon, kolstoff, dvs. C. Dyra skil ikkje ut meir enn det plantene har tatt frå lufta. Rett nok blir det skild ut promp, som Erna sa, metan/tarmgass, som skal vera mykje meir skadeleg enn CO₂ for klimaet. Denne gassen kjem ikkje i tillegg til CO₂, men i staden for. Dessutan er metanet nedbrytbar og etter 9—12 år er han borte frå atmosfæren. Det er svært lite metan, berre 0,00018 prosent av atmosfæren (lufta) og har ingen verknad på klimaet. Kor mykje av dette kjem frå norske dyr?

Annonse

Drøvtyggarane, med fire magar, har ein svær føremon framfor einmaga dyr (gris, høner). Ut av svært simpelt fôr som gras, halm, beite m.m., som menneskje ikkje kan gjera seg nytte av, lagar dei svært viktig protein (eggekvite) i mjølk og kjøt. På husdyrbruk, med kyr, sau og geiter, aukar moldinnhaldet i jorda. Dette er ufordøyelege planterestar som byggjer opp matjordlaget og lagrar karbon i jorda. Desse dyra er (nesten) klimanøytrale.

Dersom det går slik at desse klimaskræmarane klarar å stoppe eller minske norsk produksjon av raudt kjøt, vil importen auke mykje. Norsk kjøtproduksjon er blant dei mest klimaeffektive i verda. Storfekjøt frå andre land skil ut 2—3 gonger så mykje klimagassar som norske storfe. Dette bl.a. fordi dyra våre veks raskare og er yngre ved slakting. Andre land, t.d. i Sør-Amerika, høgg ned regnskog for å få meir beite. Me har nesten uavgrensa tilgang til utmarksbeite, som berre desse dyra kan hauste.

Noreg har berre 3 prosent av arealet som dyrka jord. Det meste av dette, ca. 2/3, er grasland. I tillegg har me svært store utmarksareal som berre beitedyr kan nytte. Utmarksbeite er ein svært viktig resurs, meir enn noko anna er det berekraftig. Det treng ikkje å gjødslast. Det er like godt år etter år. Ja, gjennom hundrevis av år har desse beita vore bruka.

I 2006 hadde NILF (no Nibio) og Senter for matpolitikk og marknad ei forskingsoppgåve om verdien av fôr frå utmarksbeite. Konklusjonen var at beitedyra, ut frå produksjon av kjøt, mjølk, foster og livnæringsfôr, åt opp (hausta) ca. 800 000 f.e. (1 f.e.= 1 kilo bygg).

Dette er ei «nettoavling» rekna ut frå det som er produsert. Ei høyavling eller kornavling vil få svinn før dyra har nyttiggjort seg desse fôreiningane. Omgjort til bruttoavling vil det truleg motsvare minst avlinga av 1 000 000 dekar kornåker. Sauen tok ca. 2/3 av dette. Det er ein ufatteleg og skremmande mangel på kunnskap om biologi. For oss som fekk opplæring i 1950 og -60 åra, var dette nesten barnelærdom.

Neste artikkel

Stortinget vil gi jordbruket klimadrahjelp