Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan Ap berge norsk landbruk?

Viktige arbeidsplassar: Dersom landbruket vert attraktivt, kan det gje mange nye arbeidsplassar, skriv Kolbjørn  Gaustad. (Illustrasjonsfoto: Norsk Landbruk)
Viktige arbeidsplassar: Dersom landbruket vert attraktivt, kan det gje mange nye arbeidsplassar, skriv Kolbjørn Gaustad. (Illustrasjonsfoto: Norsk Landbruk)

Kan politisk hjelp frå Arbeidarpartiet bli tunga på vektskåla for å berge norsk landbruk? Til Nationen 21. april seier Nils Kristen Sandtrøen, landbrukspolitisk talsmann i Ap, at skaden i landbruket skjer når mjølkekvotar og matjord samlast på færre hender. Sandtrøen ønskjer eit bondeopprør velkomen og lovar at partiet hans skal slutte rekkene ved årets landbruksoppgjer. I mine Sp-øyrer lyd dette, ikkje berre som vakker politisk musikk, men meir som ein lenge etterlengta skjebnesymfoni, som kan berge framtida for norsk landbruk.

Alle gode krefter har sikkert gjort sitt beste for å betre dei økonomiske tilhøva i landbruket. Utviklinga viser at dette ikkje er godt nok. Avtalen med staten, den såkalla Jordbruksavtalen, er av mange karakterisert som ein politisk genistrek. Næringa er, til trass for dette, så ille ute at ein kan snakke om at ein står ved ein skiljeveg mellom utvikling og avvikling. Difor må det satsast nytt og heilhjarta med nytenking, om vi skal ha eit landbruksmiljø for heile landet.

Økonomien i landbruket har heile tida forverra seg, på den måten at utgiftene har auka meir enn inntektene. Det er denne inntektssvikten som har gjort at 15 000 mjølkeprodusentar har slutta dei siste 20 åra. Dette er folk med innsikt, som kan arbeide, og dei har difor funne seg anna arbeid, sjølv om dei hadde likt best å halde fram i bondeyrket. Rammevilkåra må styrkast, om vi skal klare å ta tilbake landbruket.

Vegen vidare må vise kva ein vil med landbruket i framtida? Eit stort fleirtal av befolkninga ønskjer å ha norsk mat, utan forureining og bruk av giftige sprøytemiddel. Vi har hatt ei utvikling med alt for stor nedbygging av matjorda, og er no nede i ei sjølvforsyningsgrad på 38 prosent. Resten av maten vert importerer frå utlandet.

Stortinget er avtalepartnar for Jordbruksavtalen og slik ansvarleg for at nasjonen har nok mat i einkvar situasjon, slikt som krigar, naturkatastrofar og pandemiar. Målet om sjølvforsyning kan vi ikkje nå utan eit velfungerande landbruk, der ein tek miljøomsyn og omsyn til berekraft i næringa. Difor må det gjerast ein totalgjennomgang av prinsippa og fornying av landbrukspolitikken. Berekraft er at det skal vere samsvar mellom areal og dyretal på den enkelte gard.

Annonse

Reglane for kvotetildeling for samdrifter vart dobla då Sylvi Listhaug var landbruksminister. Listhaug er den landbruksministeren som har gjort mest ugagn og skade for næringa. Difor må ein ha ein totalgjennomgang av kvotesystemet, der berekraft er retningsgivande.

Utviklinga med leigejord er og uheldig på lang sikt. Stor avstand mellom bruka er uheldig miljømessig, og det må ein unngå i framtida. Statens forkjøpsrett til jord må difor innførast på nytt, om ein skal kunne styre bruksarronderinga slik ein ønskjer. Forbodet mot nydyrking av myr bør opphevast. Vi har no under tre prosent av landarealet som er matjord. Det har vore ei alt for stor nedbygging av dyrkajord til denne tid. For å styrke næringsgrunnlaget for matproduksjon, må det difor innførast tilskot til nydyrking.

Innovasjon Norge har fått spele ei alt for viktig rolle i utbygginga av nye landbruksbygg. Dei har lagt marknadsøkonomi til grunn for si kredittvurdering, og slik vore med på å innføre driftsplanar til mykje større bruk, utan berekraft. Det blir heilt feil, og det er ikkje ei slik utvikling norsk landbruk treng.

Kravet om utfasing av båsfjøs må få eit unntak, slik at alle som i dag har båsfjøs må få drive så lenge dei ønskjer. Det same unntaket må gjelde der ein tek i bruk eldre driftsbygningar med båsfjøs.

Skal ein få opp matproduksjonen og auka sjølvberginga, er det viktig å gje framtidige bønder eit betre økonomisk utkomme. Dersom landbruket vert attraktivt, kan det gje mange nye arbeidsplassar. For å få dette til, må det innførast eit etablerartilskot til alle som startar på nytt.

Regjeringa sit med ansvaret. Utfasinga av eksportstøtta til Jarlsbergosten er eit døme som stadfestar uttrykket om å vere "meir katolsk enn paven". Regjeringa gjorde her eit feil vedtak, som støtta eit krav frå WTO om å forby eksportstøtte. Island har ikkje gjort noko slikt vedtak, og har i staden dobla sin osteeksport. Tine bygde eit meierianlegg til 800 millionar i Irland, basert på irsk mjølk. Dette er langt på veg eit lovbrot av Tine, og dei økonomiske tapa dette kan føre til, er det mjølkeprodusentane som må dekke. Utfasinga av Jarlsbergosten gav eit problem for Tine, med overproduksjon i kvotesystemet. Dette gjorde at regjeringa gjekk ut og kjøpte opp mjølkekvotar, slik at 435 produsentar vart oppmoda om å slutte med mjølk. Forstå det den som kan.

Neste artikkel

Nora fører familiegården videre