Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grasavlingane på Austlandet meir enn halvert

Fjorårets tørkesommar råka grasavlingane hardt. Men potetavlingane auka tross krisa, viser nye tal.

Fjorårets sommar vart for mange den verste tørkesommaren på over 50 år. Foto: Karl Erik Berge

Store delar av landet opplevde i 2018 den verste tørkesommaren på over 50 år. Særleg vart Austlandet ramma. Grasavlingane i denne landsdelen fall i 2018 med meir enn halvparten frå året før, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

* I Akershus og Oslo vart grasavlinga i 2018 over 60 prosent lågare enn året før, medan nedgangen i Vestfold var 55 prosent.

* I Telemark var avlinga 47 prosent mindre enn året før. I Oppland og Buskerud 43 prosent mindre.

* Grasavlinga i 2018 var 2,05 millionar tonn rekna som tørt høy, og det er vel 21 prosent lågare enn året før, viser tal frå statistikken Potet og grovfôravlingar.

Annonse

Poteten klarte seg betre

Sjølv om tørken også var merkbar for ein del av potetprodusentane, var potetavlinga for landet sett under eitt høgare i 2018 enn i 2017, meldar SSB.

Potetavlinga i 2018 er berekna til 326 000 tonn, ein auke på 3,5 prosent frå året før.

I Akershus og Oslo medførte tørken ein nedgang i avlinga på 18 prosent frå 2017 til 2018. I Østfold var avlingsreduksjonen på 15 prosent, medan reduksjonen i Hedmark og Buskerud var om lag 6 prosent.

Nedgangen i avlingane på Austlandet vart vege opp av auke i avlingane i mellom anna Rogaland og Trøndelag. Der var potetavlinga respektive 25 og 20 prosent høgare i 2018 enn i 2017.

Neste artikkel

Sverige ruster seg for barkbilleangrep