Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Godt grunnlag for ein snuoperasjon

Det er mykje glede og positive ord frå landbruket om den nye regjeringserklæringa. Det er lett å forstå. Det er mange formuleringar som viser vilje til endring og forståing, om korleis økonomien har gått frå vondt til verre. Dette er eit godt grunnlag for ein snuoperasjon i norsk jordbruk, meiner bondelagsleiar Bjørn Gimming, sjå sak side 6–7.

Regjeringas formuleringar på inntekt er dei mest ambisiøse vi har hatt sidan 70-talet. Dei skal både tette inntektsgapet, og ikkje minst skal dei sikre eit riktig talgrunnlag, så ein kan måle inntektsnivået og ikkje berre inntektsutviklinga. Det legg press på den nye regjeringa. Om vel seks månader er det klart for eit nytt jordbruksoppgjer.

Men det er mykje meir i erklæringa som forpliktar, blant anna sjølvforsyningsmål på 50 prosent, opp frå 36 prosent korrigert for fôrimport, investeringspakke til lausdrift allereie i 2022, sikre importvernet for norsk jordbruk og sørgje for at importvernet ikkje blir svekka, når ein inngår nye handelsavtaler.

Eit godt og velfungerande importvern er avgjerande for norsk landbruk. Jordbruket har utfordrande, naturgitte produksjonsforhold grunna topografi og klimatiske forhold, høgt kostnadsnivå og ein politisk vald produksjonsstruktur, som gjer skjerming av næringa nødvendig.

Annonse

Regjeringa vil òg sikre ein betre maktbalanse i verdikjeda for mat gjennom betre tilsyn, større openheit og meir rettferdig fordeling av verdiane i heile kjeda. Planen er å leggje fram ei stortingsmelding om marknadsmakt i verdikjeda for mat. Det er mange bønder som ser fram til meir rettferdig fordeling av verdiane; spørsmålet er korleis ein skal få til dette i praksis.

Regjeringa vil ha strengare krav til merking av matvarer, både når det gjeld opphavsland og produksjonsmetodar. Det er på høg tid. I ei ny undersøking kjem det fram at halvparten av forbrukarane saknar informasjon om kor maten kjem frå. Ein av to synest også at merkinga er vanskeleg å forstå.

Summen av utfordringar i verdikjeda for mat er stor, men Hurdalsplattforma sender eit tydeleg signal om å gjere noko. Næringa treng sårt ein opptrappingsplan på inntekt i inneverande stortingsperiode for å skape framtidstru. Den støtta finst no i Stortinget.

Neste artikkel

Vil bruke handlingsrommet for å nå bestandsmål