Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

God prognose for kornet

Prognosen tilseier 12 prosent over femårssnittet av norsk korn og proteinvekstar, melder Felleskjøpet.

Prognosert tilgang til industrien pr. august byggjer på arealprognose og estimerte avlingar pr. dekar. Avlingstala er korrigert for korn som går til såkorn og leigemaling og andel matkorn for kveite og rug. (Foto: Karl Erik Berge)

Prognosen viser tilgang på 253 000 tonn med matkveite og 175 000 tonn med fôrkveite. Gjennomsnittet i perioden 2014-18 viser 165 000 og 164 000 tonn.

Behovet for å importere kornråvarer blir difor mindre enn vanleg. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data, men dette vil avhenge av at kornet kjem i hus i tide i vekene framover, heiter det i prognosen.

Bygg og havre

For bygg tilseier prognosen 551 000 tonn og for havre 248 000 tonn. Snittet for 2014-18 viser 551 000 tonn og 259 000 tonn.

Annonse

For rug (matrug, fôrrug og rugkveite) tilseier prognosen 46 000 tonn. Gjennomsnittet viser 37 000 tonn for perioden 2014-2018.

Mykje haustkveite

Andelen hausta som matkorn er førebels usikker. Det er ein svært stor andel av kveiten som vart sådd i fjor (haustkveite), og det vil truleg bli overskott av desse sortane i klasse 4 og 5, skriv Felleskjøpet.

Eventuelle overskott vil bli handtert gjennom marknadsreguleringa som overlagring til neste sesong eller som omdisponering til bruk i kraftfôr.

Forbruket av matkorn hos norske matmjølmøller går ned, særleg for matkveite. Også forbruket av kraftfôr går ned, men frå eit ekstra høgt nivå i 2018/2019.

Neste artikkel

Tørke ga 100-millionerssmell