Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Byjenta som ville bli bonde

Interessa for hest førte Frøydis Haugen til Stend vid skule.

STØRRE: Det er veldig få bønder som kan vakse seg større i Hordaland, meiner Frøydis Haugen, leiar i Hordaland Bondelag.
STØRRE: Det er veldig få bønder som kan vakse seg større i Hordaland, meiner Frøydis Haugen, leiar i Hordaland Bondelag.

No har byjenta frå Loddefjord leia Hordaland Bondelag i snart eitt år.

Loddefjord, vest for Bergen er ein drabantby som vaks fram tidleg på 70-talet. I dag er det blitt eit tettbygd område av næringsbygg, blokker, rekkjehus og villaområde.

Det er ikkje så veldig mange mil frå Loddefjord til garden Trudvang i Lindås, men kulturskilnadene er store.

Hest og hesteinteresse er viktige stikkord – det førte Frøydis Haugen frå Loddefjord til Stend vidaregåande skule, og her møtte ho Terje.

Frå Lyngdal til Snåsa

Det var tilfeldig at dei to enda på Trudvang, men det var ikkje tilfeldig at dei to kjøpte gard.

Dei hadde travle dagar begge to, Terje i entreprenørselskap og Frøydis med småbarn og arbeid som dagmamma heime, i tillegg til utdanning som legesekretær på kveldstid.

– Heldigvis kunne beste- og oldeforeldre hjelpe til med henting i barnehagen, seier Frøydis Haugen.

Dei hadde akkurat bygd på tomannsbustaden på Osterøy, då Frøydis såg ein annonse i Bergens Tidende med ein gard som var til sals.

– Det var her vi skulle budd, sa ho til mannen, og sjølv om det ikkje vart kjøp av denne garden, var dette spira til noko meir. Dei to følgde nøye med i avisa og på nettet framover.

– Vi såg nærare på fleire gardsbruk – frå Lyngdal i sør til Snåsa i nord, og ville gjerne ha eit bruk med mjølkekvote eller kjøtproduksjon med ammekyr eller sauer. Den store draumen var å finne eit gardsbruk der ein av oss kunne hente inntekta frå, fortel Frøydis.

Standard vestlandbruk

Dei to overtok garden i januar 2007, og saman med borna, Marit (15), Sigrid (13) og Hanne (9), har dei funne seg godt til rett på Lindås.

Terje arbeider full tid i eit entreprenørfirma, og vervet som mjølkebonde og fylkesleiar krev sitt av Frøydis.

Annonse

– Vi har god hjelp av jentene våre, og i tillegg har vi ein god avløysar. Det kjem godt med, fortel den nyvalde fylkesleiaren.

Driftsbygningen på garden var nedsliten, men dei har teke steg for steg og fått orden på ting.

– Vi har blant anna bygd nytt mjølkerom og lagt nytt tak, fortel Frøydis.

Manglar sommarbeite

I fjøset har dei 17 melkebåsar og eigen kvote er på 88 000 liter. I tillegg leiger dei kvote på 20 000 liter.

Det største problemet er mangel på sommarbeite.

– Det er gode pengar med sommarmjølk, men det er veldig krevjande for oss å ha kyrne på sommarbeite her. Vi leiger beiteareal av ein nabo, men det blir veldig blautt og kavete, med mykje logistikk. Vi skulle gjerne hatt stølsbeite vi kunne brukt om sommaren, forklarer ho.

Inn i fylkesstyret

Interessa for Bondelaget kom tidleg etter at Frøydis vart bonde. Ho vart vald som leiar i Austrheim og Lindås Bondelag i 2011, som 3. vara i Hordaland Bondelag i 2012, og som nestleiar i 2013.

Ho rykte opp til konstituert leiar når forgjengaren vart alvorleg sjuk sommaren 2013, og i mars vart ho altså vald til leiar i Hordaland.

– Eg måtte kaste meg ut i det. Eg har fått god hjelp frå fylkeskontoret i denne fasen. Dei sit med masse kunnskap, men det har likevel vore veldig mykje fakta om landbruket å setje seg inn i. Eg hadde teke kurset «Ta grep», og det har vore til stor nytte. Kurset var både lærerikt, givande og inspirerande, fortel ho.

LES HEILE saka med Frøydis Haugen i Bondebladet denne veka.

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag