Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Brannanlegg reddar liv

I 2013 var det 315 større brannar med skader over 100 000 kroner i norsk landbruk, viser tall frå Landbrukets brannvernkomite. Til saman kosta desse brannane 526 millionar kroner. Det var ny rekord i erstatningsnivå, og bak tala ligg det mange vonde opplevingar og dyretragediar.

Den mest vanlege brannårsaka er relatert til bruk av elektrisk utstyr. For nyinstallasjonar av elektriske anlegg er det installatøren sitt ansvar å levere eit feilfritt anlegg med naudsamt dokumentasjon slik forskriftene krev. Men det er eigar som har ansvaret for å sørgje for å halde ved like det elektriske anlegget. Det meste av vedlikehaldsarbeidet må, på grunn av regelverket, utførast av ein godkjent elektroinstallatør.

Brannalarmanlegget er eit viktig hjelpemiddel for å kunne handle raskt når det har oppstått ein brann. Derfor er det svært alvorleg det som kjem fram i undersøkinga til Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) om brannvarslingsanlegg i Rogaland (sjå side 10). Rapporten viser at 33,4 prosent av dei spurde bøndene er direkte misnøgde med anlegget sitt. Nyare anlegg fungerer best, medan anlegg monterte i åra mellom 2004 og 2008 kjem særleg dårleg ut. Talet på falske alarmar fører til "immunitet" hjå ein del bønder, og ein del slår rett og slett av anlegget for å få fred. Det betyr at dei er utan varsling ved brann, og det er alvorleg.

Brannvarslingsanlegg er lovpålagt i husdyrbygg, og dei som slår av anlegget utan å gi melding til forsikringsselskapet risikerer avkorting i erstatninga.

Annonse

Det er ingen tvil om at førebyggande tiltak er viktig for å minimere faren for brann. Men det same gjeld bruk av godkjende brannalarmanlegg. Anlegga, saman med rask og god innsats frå mange bønder, redder livet til mange husdyr og sparer forsikringsselskapa for store utbetalingar

Det er lett å forstå at det er frustrerande og skremmande å få feilalarm gang etter gang. Men å slå av anlegget er inga løysing. Alle som har problem med anlegg bør ta kontakt med produsenten av anlegget og finne ut av feilen. Produsenten må òg ta dette på alvor og følgje opp kundane. Anlegg som ikkje fungerer godt nok må reparerast eller skiftast ut.

Neste artikkel

Slo ring om markedsordningen