Forskap Arne Stensvand fortel at sprøyting etter varsel av gråskimmel i jordbær vart prøvd ut i Noreg i eit samarbeid mellom Nibio og NLR frå 2001 til 2009.
Ein modell utvikla i Ohio i USA kom best ut, men det var ein del utfordringar som gjorde at den ikkje kom i bruk. Seinare vart varslingsmodellen forbetra ved University of Florida, og dette har fått namnet ‘Strawberry Advisory System’ (SAS), skriv Nibio.
– For å teste om vi kunne bruke SAS-varslinga under norske tilhøve, har Nibio og NLR hatt feltforsøk der sprøyting etter varsel har vore samanlikna med rutinesprøyting.
– I forsøka tidleg på 2000-talet var det gjennomsnittleg to sprøytingar etter varsel mot 3,8 standardsprøytingar, altså nesten ei halvering av sprøyting etter varsel. Det er same reduksjon vi ser med SAS-varslinga. I fjor hadde vi eitt forsøk i Lier der SAS viste at det ikkje var behov for sprøyting i det heile. Så inga sprøyting ga i realiteten det same resultatet som fire sprøytingar, seier Stensvand.
Nibio-forskaren påpeikar at resistens hos soppen er ein svært viktig grunn til å redusere sprøytinga.
– Framleis er det nokre preparat som verkar, og dersom ein kan sprøyte ein gong i staden for to vil det forlenge livet til desse midla, seier Stensvand.
I 2022 skal 20 vêrstasjonar vere med i gråskimmel-varslinga i VIPS. I tillegg til varsel om infeksjonsfare med grunnlag i data frå desse stasjonane, vert det også lagt ut 48-timars førebyggjande varsel basert på estimering av vêrdata frå Meteorologisk institutt.
– Utfordringa no er å følgje med om varsel er i samsvar med realiteten, seier forskaren.