Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vipa sterkt tilbake i Sogn og Fjordane

Vipa har gått sterkt tilbake i Noreg. I Sogn og Fjordane hekker knapt 40 par fordelt på 11 lokalitetar.

Vipa har ein spesiell topp på hovudet og held til på åkrer og enger langs bilvegar. Ho står no på raudlista over trua fugleartar i Noreg. (Foto: Hans Hillewaert, Wikimedia)

Vipa har gått sterkt tilbake i Noreg, og det er estimert ein tilbakegang på hekkebestanden på 75 proosent dei siste 20 åra. Arten er no i gruppa «Sterkt truga» (EN) i den norske raudlista.

230 viper ved Hafslovatnet

I 1990 vart det registert 230 viper ved Hafslovatnet i Luster kommune. Det viser kor sterkt vipa har gått tilbake i Sogn og Fjordane òg, skriv Norsk Ornitologisk Forening (NOF).

NOF Sogn og Fjordane har dei to siste åra registrert hekkande vipe i fjordfylket.

Annonse

Par med hekkeåtferd er registrert på 11 lokalitetar i Sogn og Fjordane i 2017 og på ti lokaliteter i 2018. Vellukka hekking er registrert på fire lokalitetar i 2017 og fem lokalitetar i 2018.

Som i resten av landet

Utviklinga i Sogn og Fjordane følger utviklinga i resten av landet . NOF har lite fullstendige data som syner hekkeområde frå 1900 og fram til 1990.

Mange moderniseringstiltak i jordbruket har vore skadelege for vipa dei siste 50 åra. Dette gjeld overgang frå høy til siloslått, overgang frå fast gjødsel til gylle, større og meir effektive maskiner, auka bruka av sprøytemiddel og auka bruk av kunstgjødsel, skriv NOF.

I rapporten kjem ein også inn på andre årsaker til kollapsen i vipebestanden. Større predatortrykk og nedgang i antall meitemarker ved hekkelokalitetane er blant desse årsakene.

Neste artikkel

Mener huskatter tar livet av sju millioner fugler per år