Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil skape større verdiar av Vestlands-tømmeret

Martin Braanaas, Tarje Kusslid og Ingunn Kjelstad etablerer verksemda Fjordtømmer AS i Gulen.

Første steg for ny treindustri i Gulen. Martin Braanaas, Tarje Kusslid og Ingunn Kjelstad etablerer verksemda Fjordtømmer AS. Foto: Dag Idar Jøsang

Selskapet skal no setje i gang eit pilotprosjekt. Det langsiktige målet er etablering av treforbrukande industri i Gulen.

Fjordtømmer AS skal styrke kontakten med skogeigarane, kjøpe og selje tømmer, samt drive forsking og utvikling på tømmerflyten frå skog til industri, skriv selskapet i ei pressemelding.

Martin Braanaas, Tarje Kusslid og Ingunn Kjelstad er alle frå Sunnfjord og har bakgrunn frå skogbruket. Braanaas og Kusslid eig og driv skogsentreprenørverksemda Sunnfjord Skog AS.

Kjelstad er dagleg leiar i Woodinwest AS og har bakgrunn frå skogeigarsamvirket . Braanaas og Kjelstad er aktive skogeigarar.

Råstoffet til Europa

Gjennom stiftinga ønskjer trioen å skape større verdiar frå tømmeret på Vestlandet, og utvikle lokale ferdigheiter for næringsutvikling basert på tømmer.

Annonse

«Det er ein tankevekkar å sjå på tømmerbåtane som går nedover mot Europa med vårt flotte råstoff, medan vi samstundes må importere nesten all materialen til våre eigne bygg. Vi må prøve å ta tømmeret heim att. Tida er inne for å posisjonere seg mot det grøne skiftet, ved å lokal utvikle industri basert på fornybare ressursar», heiter det i pressemeldinga.

Tre hovedutfordringar

Grunnlaget for framtidig etablering av foredlingsbedrifter står ovanfor tre hovudutfordringar, meiner selskapet.

•Å forbetre planlegging og gjennomføring av skogdrift og transport

•Å redusere kostnadane slik at nettoverdien av tømmeret blir større

•Å jobbe for ei heilskapleg forvaltning av skogressursane på Vestlandet

Gjennom pilotprosjektet ønskjer Fjordtømmer AS å prøve ut om ein kan auke nettoverdien på tømmeret, ved å la entreprenørane og transportørane vere drivarar av verdikjeda.

Utradisjonelt samarbeid

Piloten skal gjennomførast i eit samarbeid mellom Sunnfjord Skog AS, Woodinwest AS og Glommen Skog AS. Dette er eit utradisjonelt samarbeid i skogsamanheng.

Neste artikkel

Stressa trær kan gi barkbillekrise