Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil ha Dyrsku'n kompensasjon

Korona viruset sørger for at Dyrsku'n ikke blir av i år - Seljord ordfører ber regjeringen hjelpe.

Dyrsku'n er viktig for næringslivet i Seljord. Siden det ikke blir noen Dyrsku i år, frykter ordføreren i kommunen for næringsliv og arbeidsplasser. (Foto: Dyrsku'n)
Dyrsku'n er viktig for næringslivet i Seljord. Siden det ikke blir noen Dyrsku i år, frykter ordføreren i kommunen for næringsliv og arbeidsplasser. (Foto: Dyrsku'n)

Dyrsku`n samlar årleg rundt 90 000 besøkande, men er avlyst grunna covid-19.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide i Seljord krev at regjeringa raskast mogleg får på plass ei kompensasjonsordning.

Annonse

– Det er bedrifter i Seljord som har 30-40% av årsomsetninga si knytt til Dyrsku'n. Desse inntektene dannar grunnlaget for at fleire har ein jobb å gå til resten av året.

Regjeringa må no få på plass ei ordning for verksemdene i Seljord som tapar store summar i år, krev Dahl Eide, som legg til at det er relativt merkeleg av regjeringa å avvikle kompensasjonsordningane berre dagar før Dyrsku`n skulle vore arrangert.

– Dei største konsekvensane av korona-krisa har ikkje kome til Seljord endå. Dei startar først i september. Vi opplever no at Regjeringa stenger kompensasjonsordninga for næringslivet 10 dagar før Dyrsku'n skulle ha starta! Det er rett og slett urettferdig, slår Dahl Eide fast, og forventar at regjeringa handlar raskt.

– Kva som møter oss i 2021 av krav til arrangement og smittevern er uvisst. Å ikkje få kompensert det som beviseleg er eit heilt direkte tap på grunn av koronasituasjonen vil vere eit alvorleg slag for Seljord og næringslivet vårt. At Dyrsku’n er viktig viser Regjeringa gjennom kompensasjonen dei har gitt til sjølve Dyrsku-organisasjonen. Det var viktige midlar for å syte for at det kan verte Dyrsku òg i framtida. No må regjeringa ta resten av ansvaret sitt, for Seljordssamfunnet, bedriftene og arbeidsplassane våre, avsluttar Dahl Eide.

Neste artikkel

Innstiller på gjenvalg av Lars Petter Bartnes