Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil bruke makta til å finne gode løysingar

Olaug Bollestad er klar på at ho har ein posisjon som gir mykje makt. – Det viktigaste for meg er å få til eit godt samarbeid og finne gode løysingar, seier statsråden.

Til topps: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) topper maktlista i landbruket. – Eg vil bruke makta mi så godt som eg kan, og bruke kløkt, seier Bollestad. Bildet er frå Bygdøy kongsgård. (Foto: Linda Sunde)
Til topps: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) topper maktlista i landbruket. – Eg vil bruke makta mi så godt som eg kan, og bruke kløkt, seier Bollestad. Bildet er frå Bygdøy kongsgård. (Foto: Linda Sunde)

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) blei utnemnt til statsråd i Erna Solberg si regjering 22. januar 2019. Ho var stortingsrepresentant frå Rogaland for perioden 2013–2017, etter å ha vore vararepresentant frå 2009.

Bollestad (58) har ansvar for å gjennomføre regjeringa sin landbruks- og matpolitikk. Ministeren kommenterer topplasseringa på maktlista slik:

Se hele maktlista 2019 her

– Vi lev i eit komplisert samfunn, og kva er den rette defisjonen på makt? Internasjonalt er det ei stor makt som heiter Kina, dei får stadig meir makt. Eg har fått ein posisjon som gir meg mykje makt, men for meg er det viktigaste å få til eit godt samarbeid og finne gode løysingar. Løysingar som vil trekke folk med. Tidlegare har eg hatt ulike leiarroller, og der har det vore viktig for meg å skape endringar som leiar – få fram produkt som held god kvalitet. Eg vil bruke makta mi så godt som eg kan, og bruke kløkt, men enkelte gangar må eg få til kompromiss, og få flest mogleg til å stille seg bak dette.

Fleire viktige avtalar i 2019

Bollestad nemner fleire avtalar med landbruket som har vore viktig for ho som statsråd i 2019. Det er ein del av makt og god forvaltning, meiner ho.

– Vi fekk til ein jordbruksavtale med Bondelaget og Småbrukarlaget i mai, og ein reindriftsavtale med Norske Reindriftsamers Landsforbund i februar. Det seier mykje om kor viktig det er å lytte og skape samhald. Vidare fekk vi til ein klimaavtale med dei to landbruksorganisasjonane, og ein avtale om nedskalering i mjølkeproduksjonen med Bondelaget, seier statsråden.

Bollestad innrømmer samstundes at det har vore krevjande med pelsdyr. Regjeringa fekk mykje kritikk for sitt første forslag til erstatning for bøndene som blir rammea av pelsdyrforbodet.

Nyleg la Landbruksdepartementet fram den endelege forskrifta. Ordninga blir anslått å koste mellom 800 og 850 millionar kroner, men det er ikkje sete noko øvre ramme.

– Pelsdyrforbodet var ei sak som KrF ikkje klarte å reversera. Det er viktig med høyringar, og sjølv om mange bønder er sinte på meg, har vi klart å få auka erstatningane frå 365 til 850 millionar kroner.

– Korleis er dialogen om landbrukspolitikken mellom KrF og dei andre regjeringspartia?

Annonse

– Landbruket er svært viktig for KrF. Alle fylkeslaga, bortsett frå Oslo, spelte inn dette til sentralstyret i partiet før forhandlingane på Granavoll tok til. Aktivt landbruk over heile landet, med små og store bruk, er heilt sentrale verdiar i dette. Vi prioriterer landbruket i regjeringssamarbeidet, og vi er opptekne av å byggja norsk landbruk sterkare, seier Bollestad.

Meiner kjedene har stor makt

– Er det mykje skjult makt i landbruket?

Nei, eg opplever det ikkje slik. Det er ei delt makt, vil eg seie, mellom landbruket og organisasjonane, og politikarar og daglegvarekjedene. Det er viktig å vite kva rolle vi har, og korleis vi bruker denne. Landbruket har vore veldige gode på å løfta fram kvinner i ulike posisjonar, og det er veldig bra for næringa.

– Har daglegvarekjedene for stor makt i landbruket?

– Dei har stor makt, og dei er klare på kva dei vil ha inn i butikkane frå norske bønder. Eg er oppteken av at dei er sitt ansvar bevisst, dvs. ansvaret mot forbrukarane, mot den sjølvstendige bonden og for eit mangfald og aktivt landbruk over heile landet. Viss kjedene ikkje er det, då misbrukar dei makta si. Effektive og gode varekjeder er svært viktige for landbruket vårt, seier statsråden.

– Vil ha endring i Mattilsynet

Sist veke hadde Bollestad sitt fyrste møte med Mattilsynet etter KPMG-rapporten.

– Eg er svært oppteken av Mattilsynet og den viktige jobben dei gjer. Vi må få til ei endring som gjer tilsynet betre, og vi må få med alle på dette, seier ministeren.

– Det er fleire aktive dyrevernsorganisasjonar i Norge. Har desse organisasjonane påverka maktbalansen i landbruket, til dømes mellom næringa og Mattilsynet?

– Det er eit heilt grunnleggande prinsipp at det er styresmaktene som på fagleg grunnlag fastsett krav og reglar til dyrevelferd. Samstundes er det bra at vi har dyrevernsorganisasjonane, men dei må ikkje bli for einsidige. Dei må kunna sjå an sakene frå fleire sider. Mattilsynet har oppdraget med å gjennomføra tilsyn, og det er eit stort samfunnsoppdrag dei skal fylle. Systema deira må vera gode og systematiske for å få til ei god forvaltning, seier landbruks- og matministeren.

Neste artikkel

Bartnes: – Det vil skape uro