Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vervevinnarar frå Sirdal på Oslo-besøk

Tolv medlemmer frå Sirdal Bondelag besøkte hovudkontoret i Oslo sist veke. Turen var premie etter vervekampanjen i november 2018.

Sirdal Bondelag på taket av Bondelagets hus i Oslo: Bak (f.v.): Mats Tjøhom, Tove Liland, Siv Tove Åsemoen Bjunes, Sven Haughom. Midten: Terje Liland, Sofie Egeland, Andreas Liland. Nede: Gunn Siri Ousdal, Torill Visland, Tor Arne Liland, Anniken Birkeland og Åse Bente Sinnes.

Sirdal i Vest-Agder var det lokallaget som verva flest medlemmer, ut frå ei totalvurdering på mengd og prosent, i november i fjor. Leiar i lokallaget, Tor Arne Liland, verva sjølv 22 av dei 25 nye medlemmene.

Det gav ein medlemsvekst på heile 31,2 prosent i verveperioden. Liland verva dei fleste medlemmene med mobiltelefonen.

Tolv medlemmer frå lokallaget, pluss fylkesleiar Tor Erik Leland, kom til Oslo sist veke.

– Me hadde ein veldig grei tur. Det var god spreiing i alder på oss, både unge og eldre, men inntrykket mitt er at alle var godt nøgde, seier Liland.

På programmet stod blant omvising, informasjon, og samtale med leiar og generalsekretær i Bondelaget, Lars Petter Bartnes og Sigrid Hjørnegård.

– Det var fint å få møte dei. Astrid Solberg hadde laga eit veldig bra opplegg for oss. På kvelden var me på Latter med middag og show, og i tillegg fekk me tid til litt omvising i Oslo, i fint vêr, seier han.

111 medlemmer totalt

Det bur ca. 1840 menneske i Sirdal. Lokallaget har 111 medlemmer totalt, inkludert familiemedlemmer. Det betyr at rundt seks prosent av innbyggjarane i kommunen er medlemmer i Bondelaget.

Til saman verva lokallaget 45 nye medlemmer i 2018. Liland verva åleine over 40 nye. Han var ikkje klar over kor viktig det var med verving i vervemånaden november, men ein god sluttspurt gav resultat.

– Det går litt opp og ned med medlemmer. Det minkar på gardsbruk i Sirdal, så det er verre å verve nye bruksmedlemmer. For to år sidan fekk me mange nye, og me verva vel flest i landet då og, med omsyn til innbyggjartalet, seier han.

På Oslo-turen var det med fire medlemmer frå styret, fem særleg engasjerte medlemmer og tre nye. Det var loddtrekning om å få plass på turen.

Annonse

Uroa over grasarealet som går ut

Liland er uroa over alt grasarealet som går ut på Vest- og Sørlandet.

– Det som går ut her, forsvinn eigentleg for alltid, produksjonsgrunnlaget blir vekke. Mange har vanskelege driftsforhold, med mykje leigeareal. Sirdal er ein god plass og bu og vekse opp, men vi er avhengige av inntekter på bruka våre, seier lokallagsleiaren.

Han og kona har mjølk og sau, 85 tonn kvote, inkludert leigekvote, og ca. 140 vinterfôra sauer.

Liland meiner vernekampanjen med premiar er eit godt tiltak frå Bondelaget.

– Eg trur vervekampanjen er ein god måte å marknadsføre Bondelaget på. Det gir inspirasjon til å verve nye medlemmer, og det er bra for eit lokallag å komme til Oslo for å sjå og møte tilsette. Det er eit stort apparat for bøndene her, med mykje aktivitet. Det er mange fleire som burde oppleve dette, seier han.

Han meiner tørkekrisa i fjor, og krisepakken som vart forhandla fram, var ein vekkar for mange medlemmer.

– Krisepakken slo veldig bra ut for mange bønder, sjølv om det var diskusjonar om fordeling i ettertid. Bondelaget gjorde ein veldig god jobb her. Dei fekk krisa på agendaen, og det var mange som såg dette.

Planar for 2019

Liland er oppteken av å halde på dei nye medlemmene i lokallaget.

– Me må finne på ting som er attraktive for nye og eldre medlemmer. Må må halde på dei som er og samstundes jobbe med å få nye, seier han.

Lokallaget har mange faste arrangement som dei skal følgje opp i 2019. Det gjeld Energidagen i Sirdal – ein stor marknadsdag, kor medlemmene stiller opp med mat og viser fram dyr. Dagen har blitt ein tradisjon. Det same gjeld slåttedagen i juli, med ljåslått og hesjing.

– Me er også med under Sirdalsdagane seinare på sommaren, saman med Sirdal Sau og Geit, med sal av mat og andre aktivitetar. I midten av november har me førjulsfest, saman med Bygdekvinnelaget. I fjor hadde me 55 til middag under festen. Me har også andre faste arrangement, blant anna ein dag med alle 3.-klassingane i kommunen og ein med bebuarar frå Sirdalsheimen – med dyreslepp. Dei gamle er veldig takknemlege for å oppleve dette, og det er jo dei som har lagt grunnlaget for at me har det så godt i dag, seier Tor Arne Liland.

Neste artikkel

Elisabeth Gjems er ny leder i Hedmark Bondelag