Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Venner av Aurlandsdalen» får Riksantikvarens kulturminnepris

Ei aktiv og dedikert dugnadsgruppe som tek vare på ei viktig historisk ferdselsåre, meiner juryen.

Hedra: Sigrid Sønnerheim Tønnessen er leiar av dugnadsgjengen i Aurlandsdalen. Foto: Willy Nikkers
Hedra: Sigrid Sønnerheim Tønnessen er leiar av dugnadsgjengen i Aurlandsdalen. Foto: Willy Nikkers

– Me er veldig takksame for å ha fått Riksantikvarens kulturminnepris for 2022. Det er heilt fantastisk, seier Sigrid Sønnerheim Tønnessen, leiar av «Venner av Aurlandsdalen».

Aurlandsdalen frå Aurland til Hol er ein av dei gamle ferdselsvegane mellom Vestlandet og Austlandet.

– Me er ein dugnadsgjeng som jobbar på stien og freistar å halde den ved like. Ferdselsårene i Aurlandsdalen er veldig viktig å ta vare på, det har med røtene våre å gjere. Dette var hovudvegen frå Vestlandet til Austlandet. Alle som brukte dalen gjekk på desse stiane, difor er dei ein viktig del av kulturhistoria vår, seier Sønnerheim Tønnessen i ei pressemelding.

I 2018 fekk ruta status som «Historisk vandrerute», eit samarbeid mellom Riksantikvaren og Den Norske Turistforening (DNT) som skal gjere gamle ferdselsvegar betre kjend og meir brukt.

Annonse

– Dugnadsgjengen gjer ein fantastisk innsats for å ta vare på historia vår, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Foreininga har om lag fire hundre dugnadstimar i året og arrangerer blant anna ein årleg stiryddingstur 1. mai. Det er ikkje berre folk som bur i området som er med på dugnadsarbeidet, men også andre eldsjeler rundt om i landet.

– Det at vi framleis kan gå slike ruter, også hundrevis av år etter at dei har gått ut av dagleg bruk, bidreg til at vi kjem nærare dei som var her før oss. Innsatsen dei frivillige legg ned for det vakre kulturlandskapet i Aurlandsdalen kan ikkje målast i kronar og øyre, seier Geiran.

Juryen skriv blant anna dette:

«I mange år har dei frivillige arbeidt med vedlikehald av kulturlandskapet. Denne innsatsen gjer vandringa gjennom Aurlandsdalen til ei av dei flottaste natur- og kulturopplevingane i Noreg.»

Neste artikkel

Riksantikvaren freder kulturminner for oppmåling