Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Uendra kornprognose i mai

Felleskjøpet Agri skriv at tilgangen på norsk korn er om lag som femårssnittet.

Illustrasjonsfoto: Marit Glærum
Illustrasjonsfoto: Marit Glærum

Felleskjøpet Agri skriv på sine nettsider at siste sesongprognose viser at tilgangen av korn er som som prognosert i november og om lag som i mars. Tilgangen er 10 % lågare enn i 2020/2021 og om lag som femårssnittet. Forbruket av matkorn og produksjonen av kraftfôr er også relativt stabile samanlikna med tidlegare år.

Pr. 1. april er det meldt inn eit overskott av 25 950 tonn matkveite klasse 1. Dette vil bli overlagra som del av marknadsreguleringa for bruk i sesongen 2022/2023.

Den faktiske tilgangen av norsk fôrkorn på 882 700 tonn, er mindre enn industrien har rom for.

Du kan laste ned prognosen her

Neste artikkel

Beregninger for referansebrukene i statens tilbud var feil