Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tveit Regnskap: Solid auke for nært sagt alle produksjonane

Mjølk- og svin er bærebjelken, og her var auken størst, viser tal frå Tveit Regnskap AS for 2021.

tal for 2021: Dekningsbidrag pr. ku enda på 36 000 kroner mot 27 900 i 2020. Mjølkepris på 6,22 kroner/l og i snitt ei leveranse pr. gard på 221 tonn. Foto: Karl Erik Berge
tal for 2021: Dekningsbidrag pr. ku enda på 36 000 kroner mot 27 900 i 2020. Mjølkepris på 6,22 kroner/l og i snitt ei leveranse pr. gard på 221 tonn. Foto: Karl Erik Berge

Mjølkebonden si inntekt gjorde eit solid byks, men paradokset er at mjølkekua er inne i noko som kan likne litt på ei børsboble, skriv Tveit Regnskap.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1 700 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30-årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka.

Dette er familiebruk som har hovudinntekta si frå jordbruket, og talmaterialet byggjer på faktiske tal frå rekneskapa.

Kunstig boost i marknad og inntening

«Koronaåra 2020 og 2021 gav ein kunstig boost i marknad og inntening», skriv regnskapskontoret. Eit god mjølkesal i 2020 resulterte i gode resultat i Tine, med tilhøyrande god etterbetaling. Dette kombinert med mindre omsetningsavgift på mjølk, gav rekordstor auke i prisen til bonden.

«Samstundes resulterte stengde grenser til at folk åt meir norsk ost og drakk meir mjølk, noko som gjorde at mjølkeleveransen auka med ca 5 prosent - klingande mynt i kassen det òg. I tillegg var produksjonskostnadane ganske stabile, verken kraftfôr eller kunstgjødsel steig urovekkande mykje. Akkurat det bilete ser dystrare ut i 2022 – då kostnadane til både kraftfôr og kunstgjødsel har eksplodert», skriv Tveit Regnskap.

Anna sanning i 2023

Det siste er med å byggje under påstand om at mjølkebonden nok gjerne var i ei børsboble i 2021. Sanninga kan bli ei anna når ein kjem over i 2023 – når kostnadsauken slår inn for fullt, skriv kontoret.

Annonse

Dekningsbidrag pr. ku enda på 36 000 kroner mot 27 900 i 2020. Mjølkepris på 6,22 kr/l og i snitt ei leveranse pr. gard på 221 tonn.

«Ammekunæringa har henge etter inntektsmessig, og denne næringa fekk eit etterlengta løft i inntekt i 2021. Dekningsbidraget viste ein oppgang på 4 500 kroner – til 11 000 kroner pr. ku. Løftet var som sagt sårt tiltrengt, innteninga pr. ammeku ligg på snaut ein tredjedel av ei mjølkeku», skriv Tveit.

To «svinaktig» gode år

Grisebonden har vore gjennom to «svinaktig» gode år – mykje grunna gunstige marknadsforhold, meiner kontoret.

«Marknaden for 2020 og 2021 var spesiell - handledisken til «søtabror» var stengt, og eg og du åt meir av middagane våre i heimen og då gjerne som ei svinekotelett. Dette gav god etterspurnad og tilhøyrande god inntening for bonden. Faren for overproduksjon vil då sjølvsagt vere til stades, men då gjerne ikkje grunna at for mange bønder hiv seg på karusellen og vil starte med gris. Til det er inngangsbilletten for høg – eit slaktegrisfjøs kostar i dag fort 8-9 mill. kroner, og med dagens debatt kring kapitalavkasting i jordbruket er det dei færraste som kan eller vil ta seg råd til eit nybygg. Eigentleg eit sjukdomsteikn for næringa treng fornye driftsapparatet. Evnt bekymringa kring overproduksjon på gris knyt seg nok heller til at svenskane står klar med bacon på grensa», skriv Tveit Regnskap.

Sau

I snitt gjekk dekningsbidarg pr. sau opp med 261 kroner til 1 041.

Sauebesetningane er i snitt mindre – med 70 dyr pr. gard – så ei stor auke pr. dyr blir litt meir beskjeden på gardsnivå. Snaut 20 000 kroner pr. bonde, skriv kontoret.

Neste artikkel

Vi må bry oss om både bonde og fjøs