Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tolmod og godt arbeid har gitt utteljing for bevaringsverdige storferasar

Det bevaringsverdige kurasane i Noreg har mangedobla talet på avlskyr frå 1990 til 2020. Berre vestlandsk raudkolle er framleis kritisk trua.

Telemarkfeet er vår eldste storferase og vart definert som eigen rase alt i 1856. Rasen har gått frå 115 avlskyr i 1990 til 485 i 2020, skriv Nibio. Bildet er frå Rauland i Vinje. (Foto: Karl Erik Berge)

Frå å vere nær utryddingstrua ved inngangen til 1990-talet, er dei i dag – med eitt unntak – ikkje lenger «kritisk trua», skriv Nibio.

I 2020 hadde fem av rasane oppnådd store nok populasjonar til å vere i kategorien trua. Berre vestlandsk raudkolle er framleis kritisk trua, det vil seie at rasen har færre enn 300 avlshodyr. Kategorien trua inneber at populasjonen har mellom 300 og 3000 hodyr.

Nina Hovden Svartedal, fagleiar i Norsk genressurssenter. (Foto: Erling Fløistad)
Nina Hovden Svartedal, fagleiar i Norsk genressurssenter. (Foto: Erling Fløistad)

– I over ein mannsalder har målet vore å få opp igjen berekraftige populasjonar og samtidig bidra til å auke genetisk variasjon, seier Nina Svartedal som er fagleiar i Norsk genressurssenter.

Annonse

No nærmar vi oss trygg grunn og kan glede oss over utviklinga, meiner fagleiaren.

– Alle rasane har auka i perioden, fortel Svartedal. Dei har hatt litt ulike løp, og nokre har takla ein heftigare veksttakt enn andre, men alle har dei ‘lang hals’ i søylene som viser utviklinga dei siste åra. Det betyr god framgang for alle.

Østlandsk rødkolle: Frå å vere nær utrydda i 1990, talde østlandsk rødkolle i 2020 473 avlskyr. Bildet er frå Aurdal i Valdres. (Arkivfoto)
Østlandsk rødkolle: Frå å vere nær utrydda i 1990, talde østlandsk rødkolle i 2020 473 avlskyr. Bildet er frå Aurdal i Valdres. (Arkivfoto)

Østlandsk rødkolle og vestlandsk fjordfe er dei to rasane med størst auke. Frå å vere nær utrydda i 1990, talde østlandsk rødkolle i 2020 473 avlskyr. For vestlandsk fjordfe var talet rett over 1 000 i 2020.

– Når det gjeld STN som vi først fekk sikre populasjonstal på i 2010, så antar vi at rasen aldri var så få i talet som dei andre rasane. Likevel viser også STN fin framgang, seier Svartedal.

Neste artikkel

Lokale markblomster gir biene best hjelp