Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine vil leggje ned på Voss

Styret i Tine har sendt ut på høyring to rapportar som innstiller på å leggje ned meieriet på Voss.

Nedleggingsplanen heng saman med Tine sin struktur for framtidig produksjon av kvitost. Tine meiner dei kan spara 13 millionar kroner ved å avvikla meieriet på Voss. (Arkivfoto)
Nedleggingsplanen heng saman med Tine sin struktur for framtidig produksjon av kvitost. Tine meiner dei kan spara 13 millionar kroner ved å avvikla meieriet på Voss. (Arkivfoto)

– Tine har sendt ut ei tilleggsutgreiing som styret er orientert om. Utgreiinga inneber nedlegging av anlegget på Voss, og også denne utgreiinga har Tine sitt styre valt å sende ut på høyring, seier Thorkild Heieren, meierisjef på Voss til avisa Hordaland.

I tillegg er rapporten som vart lagt fram for styret 12. februar send ut på høyring. Begge desse alternativa inneber nedlegging av anlegget på Voss.

I tilleggsutgreiinga er avvikling av Voss vurdert og tala viser at Tine kan redusere dei årlege kostnadane med ca. 13 millionar kroner ved å avvikle TM Voss.

Bedre utnytting av mysa

"I tillegg kommer en positiv effekt på ca. seks millioner kroner ved bedre utnyttelse av mysa. Eventuell beslutning om nedlegging av TM Voss vil skje i juni. Det kan bety at produksjonen på Voss avvikles første halvår 2020, men detaljert tidsplan for eventuell avvikling vil bli utarbeidet senere", skriv Tine.

Annonse

– Det er grunn til å streka under at det ikkje er fatta noko vedtak i saka enno, seier Olav Håland, kommunikasjonsrådgjevar i Tine.

25 tilsette

Meieriet på Voss har 25 tilsette. Dette er arbeidsplassar som vil gå tapt for bygda ved nedlegging.

Dei tilsette fekk orienteringa på allmøte tysdag.

- Me var faktisk litt vantru, seier Hovudtillitsvalt Tor Otto Ullestad til Hordaland.

Neste artikkel

Tine deler bekymring rundt leiekvoter