Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine legg ned produksjonen på Voss

Tine skal avvikle osteproduksjonen på Voss frå januar 2023. Det gjer at meieriet blir lagt ned. – Det er ein trist dag for Voss herad, seier Grethe Monica Haug, leiar i Voss bondelag.

For stor kapasitet: Tine har oppdatert berekningane over framtidig behov i marknaden og kva kapasitet som trengst i kvitostproduksjonen for heile landet. Dei viser at det er større kapasitet enn det som er naudsamt. (Foto: Tine)
For stor kapasitet: Tine har oppdatert berekningane over framtidig behov i marknaden og kva kapasitet som trengst i kvitostproduksjonen for heile landet. Dei viser at det er større kapasitet enn det som er naudsamt. (Foto: Tine)

– Det å leggje ned eit anlegg er ikkje ein hyggeleg del av jobben og heller ikkje eit mål, snarare tvert om. Men skal vi ha moglegheit til å halde oppe ein desentralisert meieristruktur vidare, krev det at vi tar langsiktige val no, seier konserndirektør for forsyning i Tine, Christian Granlund.

Saka om Tine Voss blei diskutert på styremøtet 24. mai. Styret vedtok då å utsetje saka til 22. juni for å kome dei tilsette på Voss i møte, om ei ekstra høyring på dei siste oppdaterte tala.

– Trist dag

– Eg synest dette er trist. Det er ein trist dag for lokalsamfunnet, for næringa og for alle arbeidsplassane på meieriet. Det er ein trist dag for heile Voss herad, seier Grethe Monica Haug, leiar i Voss bondelag.

Ho synest det er vanskeleg å seie meir om saka no, før ho har snakka med medlemmer i lokallaget og dei andre lokallaga av Bondelaget i kommunen.

Det er fire lokallag i Voss herad: Granvin, Vossestranda, Bulken Evanger og Voss.

Til Bergen, Byrkjelo eller Jæren

– Eg er ikkje overraska, men samstundes litt skuffa over korleis det har blitt. Eg trudde eigentleg det var liva laga for meieriet på Voss, seier melkebonde og leiar i Bulken Evanger bondelag, Bjørne Røthe.

Han veit transportkostnadane har gått i taket for Tine, og mange andre selskap. Røthe håper dei får meir informasjon og betre tal i eit digitalt møte som skal arrangerast torsdag 23. juni.

– Dei tilsette har andre tal og kalkylar enn Tine sentralt, og det er heller ikkje snakk om så store pengesummar. No må all melka transporterast til Bergen, Byrkjelo eller Jæren, og vegen til Bergen er som han er, ofte ramma av ras eller anna, seier melkebonden.

– Eg har same kjensla som då Gilde la ned slakteriet i Granvin. Selskapet hadde bestemt seg, men dei hadde ikkje så gode grunnar til det, legg han til.

Usikker framtid

Tine Meieriet Voss har i mange år levd med ei usikker framtid, skriv Christian Granlund.

– Eg er imponert over korleis medarbeidarane på Voss har handtert dette. Sjølv med denne usikkerheita har dei produsert ost av god kvalitet. Dette har vore heilt avgjerande for Tine i ein periode med ombygging av Elnesvågen og etablering av produksjonen i Irland, seier Granlund.

Det er totalt 23 tilsette på meieriet, som alle blir ramma av nedlegginga.

Neste artikkel

Tine forventer nedgang i behovet for kumelk neste år