Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Telemark Bondelag sa nei til samanslåing

Årsmøtet vil ha meir tid og sa nei til samanslåing med Vestfold Bondelag no.

Aslak Snarteland, med ryggen til, vart gjenvalgt som leiar i Telemark Bondelag. Debatten om ny organisering av fylkeslaga i Bondelaget skapte engasjement under årsmøtet. Foto: Karl Erik Berge

Det var ein engasjert debatt om ny organisering av fylkeslaga på årsmøtet, Knut Haugland, styremedlem i Telemark Bondelag var ein av dei ivrigaste på talarstolen under debatten på Bø hotell.

– Eg vil foreslå at vi utset heile greia. Vi har ikkje hatt nokon god prosess på dette, det har gått for fort. Vi treng å vente for å vite kva vi gjer. Vi må ut til medlemmane våre med informasjon. Derfor treng vi meir tid, for å få ein god debatt om denne prosessen, sa Haugland.

– Prosessen er i gang

Leiar i Telemark Bondelag, Aslak Snarteland, meinte dei hadde hatt ein prosess på omorganiseringa i fylkeslaget.

– Vi hadde dette på høyring i fjor haust. Dersom vi utset dette no, blir dei ei forkludring, vi rotar det litt til. Prosessen er i gang, sjølv om ikkje alle har gripe moglegheita til å melde seg på, sa Snarteland.

Johan Martin Tovslid, i Gjerpen og Solum Bondelag, var ein av mange som støtta Knut Haugland. – Eg er einig med Knut, vi har hatt for kort tid. Som leiar for eitt lokallag, med store variasjonar, ser eg at vi har nokre utfordringar. Vi slit med å få ein debatt rundt dette, og eg ser det same som Knut, sa Tovslid.

Annonse

Haugland fremma eit forslag om å seie nei til samanslåing no. Forslaget fekk stor oppslutning under årsmøtet.

Provosert av Erna Solberg

I talen til årsmøtet kom Aslak Snarteland innom inntekta i landbruket.

– Eg blir ganske provosert når vår eigen Statsminister seier at norske bønder må sjå seg om etter alternative inntektskjelder for å bli meir robuste. Er det ikkje mangfaldet og mangesysleriet landbruket har stått for i alle år, relativt små einingar med fleire produksjonar, kombinasjon jord, skog, utmark, handverk og service næring med meir, sa Snarteland.

– I dei siste åra har vi laga litt større einingar med spesialisera produksjonar og bønder som har investert frå 10 til millionar kroner. Mange av desse har fått eit arbeidspress som er heilt umenneskeleg, likevel slit dei med innteninga. Då er det ikkje greitt å få melding om at vi må sjå på tilleggsnæring for å bli meir robuste, sa fylkesleiaren.

Årets lokallag

Gjerpen og Solum Bondelag blei kåra til årets lokallag 2018 i Telemark.

– Dette er eit lokallag med eit solid styre kor fleire er med å dra lasset. Aktivitetane og engasjementet frå dette lokallaget er stigande. Leiaren har ved fleire anledningar sete landbruket på dagsordenen ved ytringar i sosiale medier eller avisintervju. Laget er svært gode på medlemspleie, arrangerer kurs, løfter fram damene i landbruket og har kanskje rekorden i tal gardbesøk for born, skriv Telemark Bondelag.

Les meir frå årsmøtet i Telemark Bondelag i Bondebladet neste veke.

Neste artikkel

Vil ha tilbake 500 000 dekar korn