Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sunnmørsmat AS får BU-prisen

Selskapet står bak Sunnmørsegg og Grasfôra kjøt, som dei sel og marknadsfører for andre gardar.

Sunnmørsegga er produserte lokalt med eit naturleg og eigenutvikla spesialfôr. (Foto: Håkon Longva Haram)
Sunnmørsegga er produserte lokalt med eit naturleg og eigenutvikla spesialfôr. (Foto: Håkon Longva Haram)

Sunnmørsmat vinner bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Møre og Romsdal. Selskapet er leverandør til både daglegvarehandelen og til restauranter, skriv Innovasjon Norge i ei pressemelding.

– Dette er berre fantastisk! Det er verkeleg flott at den strategiske tenkinga som ligg bak selskapet Sunnmørsmat AS ikkje berre har lykkast, men òg blir lagt merke til og heidra på denne måten. Særleg er eg oppteken av den samarbeidsmodellen vi har utvikla i lag med Nortura og som inneber at vi samhandlar med samvirke ut over det å vere råvareleverandør, seier Rune Haram dagleg leiar i Sunnmørsmat AS.

Haram er òg oppteken av at bonden må få større marknadskontakt.

– Det får me til med denne modellen. Samtidig bidreg det til større volum gjennom den bondeeigde samvirkeindustrien, noko som vil bidra til lågare kostnader, seier han.

I tillegg til eiga inntening, har selskapet som føremål å betre innteninga på samarbeidande gardar.

Nybrottsarbeid i lag med Nortura

Annonse

Sunnmørsegga er produserte lokalt med eit naturleg og eigenutvikla spesialfôr som gir hønene den beste næringa dei kan få. Dette resulterer i den reine og gode smaksopplevinga som Sunnmørsegg har blitt kjent for, heiter det i pressemeldinga.

– Det er ikkje nytt med gardssal av egg i Norge. Men ei felles satsing på eigen merkevare i nært samarbeid med samvirkebedrifta Nortura er eit nybrottsarbeid. Det viser at samvirkemodellen framleis er under utvikling. Dette fører til betre inntening for bøndene, og i dette tilfellet er det fire bruk som har fått ein fin auke i sitt økonomiske resultat, seier Bjarne Øygard i Innovasjon Norge.

Kombinasjonen av økonomisk resultat, forskningsarbeid, strategisk posisjonering og samfunnsengasjement gjer Sunnmørsmat AS til ein verdig vinnar av prisen i 2019, fortel Øygard.

Grasfôra kjøt

Grasfôra kjøt er storfekjøt frå oksar som er framfôra i hovedsak på ferskt gras og rundballar. Oksane går ute på beite heile sommaren, noko som fører til ein svært høg kvalitet på kjøtet.

Produksjonen er resultatet av eit treårig forskings- og utviklingsprosjekt som Haram gjennomførte mellom 2011 til 2013, i samarbeid med mellom anna Nofima Mat AS.

Sunnmørsmat AS har også eit sterkt sosialt engasjement gjennom hjelpeorganisasjonen Johooo på Zanzibar i Aust-Afrika.

Gjennom organisasjonen bidrar dei til at lokale kvinner får hjelp til å bygge opp eit nettverk innanfor eggproduksjon, med den omfattande turistindustrien i landet som marknad.

Neste artikkel

Forsvarer offentliggjøring av lisensjegere