Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Store skadar på dyrka mark i Jølster

Leder i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, mener deler av Jølster er å betegne som et katastrofeområde etter det kraftige uværet tirsdag.

Jølster, med Jølstravatnet. Tirsdag kveld var ikke bildene herfra like idylliske. Sogn og Fjordane

– Det vi kan sei så langt er at det er enorme skadar på dyrka mark der fleire hundre mål er øydelagde. Skogsvegar er radert vekk, tømmer øydelagt, reiskapshus er vekke, og store mengder rundballar er øydelagde eller på avvegar. Det er ein temmeleg fortvilande situasjon, men enn så lenge ser det heldigvis ut til at verken menneske- eller dyreliv har gått tapt, sa Anders Felde til bondelaget.no. onsdag.

Han rådar bøndene i Jølster og Gloppen til å sjå til dyra som går i utmark og på beite, sikre at dei ikkje er innesperra av nye elveløp, og at dei har tilgang på mat og vatn.

–Det kan vere utfordrande å få levert mjølk og kraftfôr, så dette må takast høgde for. Dersom ein ser at ein er i ferd med å gå tom for kraftfôr kan det vere lurt å begynne å tenke på alternative løysingar for dette. Vi oppfordrar òg bøndene til å vere kreative og sikre at dyra har tilgang på vatn, seier Felde.

Annonse

Ta bilder av skadene

Vidare er det no viktig at alle bønder tar bilete av skadane som har oppstått, ta heller for mange enn for få. Det er svært viktig at skadar blir dokumentert for å kunne søke om naturskadeerstatning. Naturskadeordninga dekkar skade på objekt det ikkje er mogleg å forsikre mot naturskade gjennom alminneleg privat forsikringsordning. Dette kan vere vegar, bruer, jord- og skogbruksareal. Vanlege forsikringar dekkjer skade på mellom anna hus, innbu, hageanlegg, bilar, maskiner, utstyr og båtar.

Det som avgjer om du kan søke erstatning er om objektet kunne vore forsikra, ikkje om det faktisk var forsikra. Ordninga gjeld for utbetring av skade, ikkje for forbetring av standard eller sikring mot nye skader. Indirekte skade som tap etter straumbrot og stans i drifta vert ikkje dekka som naturskade, same gjeld tapt eller øydelagt avling.

Neste artikkel

Frå kvardag til kaos på minutt