Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Stor tragedie for dyr og folk

Elven Surna har tatt mange sauer, lam og kyr i Surnadal. – Fleire av dyra har kome seg i land, men 70-80 sauer og ei kalv har mista livet i flaumen, seier Ragna Marie Mauset, leiar i Surnadal Bondelag.

Elva Surna tok med seg mange sauer, lam og kyr i dag tidleg. Ein reknar med at mellom 70 og 80 sauer og lam er omkomne og ein kalv. (Foto: Surnadal kommune/Råg Ranes)
Elva Surna tok med seg mange sauer, lam og kyr i dag tidleg. Ein reknar med at mellom 70 og 80 sauer og lam er omkomne og ein kalv. (Foto: Surnadal kommune/Råg Ranes)

– Det har vore tragisk både for folk og dyr. Eg har snakka med mange bønder her i dag. Dei er fortvila, men glad for all støtta dei har fått i løpet av dagen. Det er mange som har stilt opp og hjulpe til, seier Mauset.

Situasjonen er framleis uklar, men lokallagsleiaren seier det er to sauebønder og ein ammekubonde som er ramma.

To sauebønder som er råka

– Dei to sauebøndene, som har gardar på andre sida av elva, saknar mellom 70-80 sauer og lam. I tillegg har naboen min mista ein kalv, men det er framleis uavklart med det samla talet på dyr, seier Mauset som sjølv er mjølkebonde.

Ho hadde ikkje dyr på beite mot elva, og har soleis ikkje dyr som er råka. Mange av sauene som er tekne av elva har akkurat kome frå fjellbeite, ein del kom ned i helga.

Annonse

– Det gjekk forferdeleg fort. Det skjedde på nokre timar frå klokka var ca. 07, og det kom overraskande på oss at elva skulle stige så mykje på kort tid. Eg har sett Surna større enn dette, elva går jo opp og ned, men det var overraskande at elva skulle vekse så voldsomt som ho gjorde, seier ho.

Stor innsats frå mange

Kommunen og Røde Kors har gjort ein god jobb i løpet av dagen, blant anna med å leita etter dyr i båtar, forklarer Mauset.

– Kommunen oppretta eit kriseteam, og i tillegg var det mange naboar og andre som hjalp til. Saniteslaget kom med mat til folk som var med på redningsarbeidet. Det er mange som har gjort ein stor jobb, seier Mauset.

– I morgon er planen å gå manngard langs elva, og ein reknar med å finne fleire dyr i morgon og dei neste dagane. Men nokre av dyra kan det gå lang tid før ein finn, seier leiaren i Surnadal Bondelag.

Elva har gått mykje tilbake no, men det er eit stort oppryddingsarbeid som ventar etter flommen.

Neste artikkel

Bruka politikerne vil ha, forsvinner