Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stor grisefarm i Russland ramma av afrikansk svinepest

Rundt 6000 griser er avliva etter at den frykta sjukdommen vart påvist i besetninga.

Afrikansk svinepest er ein svært alvorleg og smittsam virussjukdom hos gris. Sjukdommen er ikkje registrert i Norden. Illustrasjonsfoto: Øystein Heggdal
Afrikansk svinepest er ein svært alvorleg og smittsam virussjukdom hos gris. Sjukdommen er ikkje registrert i Norden. Illustrasjonsfoto: Øystein Heggdal

Veterinærstyresmaktene i Russland har pålagt svineprodusenten i Kostroma å stenge ned heile verksemda, sjølv om det er avdelingar på bruket som ikkje har fått konstatert smitte, skriv Pig Progress.

Produsenten fôrer opp ca. 75 000 grisar i året.

Over 80 utbrot i 2022

Utbrotet er det fyrste som skjer hos ein stor produsent i Russland i 2022, men så langt i år er over 80 utbrot av den smittsomme sjukdommen registert i landet, rundt halvparten hos mindre produsentar og den andre halvparten hos villsvin.

Annonse

Utbrotet vil ikkje påverke den russiske svinekjøttmarknaden noko særleg, fordi tilbodet for tida er større enn etterspørselen.

Kostroma er administrasjonssenter i Kostroma fylke, som ligg på Volgas vestbredd ved munninga av elva Kostroma, 300 kilometer nordaust for Moskva. Byen har 277 000 innbyggarar (2020).

Infisert matavfall

Fôring med infisert matavfall er den viktigaste årsaka til spreiing av smitten til nye kontinent og nye land, slik ein har sett det i Kaukasus og andre område i Russland, skriv Veterinærinstituttet.

Virus kan også spreiast over lange avstandar gjennom handel med infiserte grisar og sæd, og ved infiserte dyretransportar, klede og utstyr. Lokalt er kontakt mellom grisar ei viktig årsak til smittespreiing. Spreiing via luft kan truleg berre skje over korte avstandar, skriv instituttet.

Neste artikkel

Mædi ikke påvist i Norge i 2021