Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sp-politikarar ber Borch ta grep på investeringsstøtte

Mange fjøs: I brevet viser Sp-ordførarane til at det framleis er 750 båsfjøs i Vestland og at det må byggast mange fjøs dei neste 13 åra for å tilfredsstille lausdriftskravet i år 2034. (Foto: Kristin Bergo)
Mange fjøs: I brevet viser Sp-ordførarane til at det framleis er 750 båsfjøs i Vestland og at det må byggast mange fjøs dei neste 13 åra for å tilfredsstille lausdriftskravet i år 2034. (Foto: Kristin Bergo)

16 ordførarar og 6 varaordførarar frå Sp i Vestland ber i eit brev til landbruksminister Sandra Borch (Sp) om at regjeringa endrar reglane for investeringsstøtte i jordbruket, skriv Nationen.

I statsbudsjettet har Ap/Sp-regjeringa sett av 200 millionar kroner ekstra til investeringsstøtte. Auken skal «blant annet gå til små- og mellomstore melkebruk for å følge opp løsdriftskravet», skriv regjeringa, men blant Sp-politikarane i Vestland er det uro for at pengane ikkje vil få tilsikta effekt.

«Vi vil kunne risikere at sjølv om regjeringa løyver pengar, så er lønsemda ved å bygge mjølkefjøs for 20-30 kyr så svak, at pengane ikkje vert brukte», skriv Sp-ordførarane i brevet.

I brevet viser Sp-ordførarane til at det framleis er 750 båsfjøs i Vestland og at det må byggast mange fjøs dei neste 13 åra for å tilfredsstille lausdriftskravet i år 2034. I dag er beløpa bønder kan få i investeringsstøtte for små til at små og mellomstore bruk får lønsemd i investeringa, ifølgje Sp-politikarane.

«Dagens verkemiddel er så svake at dei fleste må auke produksjonen sin betydeleg over 30 kyr for å få lønsemd i investeringa», skriv dei i brevet.

I dag er det ei avgrensing på maks 2 millionar kroner i støtte per prosjekt eller 2,4 millionar kroner ved bygging i tre. Maksimal støtte er på 35 prosent.

Sp-ordførarane tar til orde for å heve det maksimale tilskotet til 3 millionar kroner ved bygging i stål og betong og til 3,5 millionar kroner ved bygging i tre. I tillegg ber dei om at tilskota kan utgjere opp mot 50 prosent av kostnadene.

Ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling (Sp), seier dei ser alvorleg på situasjonen, og at dei håper landbruksministeren vil gjennomføre endringane dei tar til orde for.

– Dette er veldig viktig for å ta vare på landbruket her i området, seier Følling til Nationen.

Neste artikkel

Vestland gir ti millionar til lausdriftsfjøs