Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Årets unge bonde: – Eg er skremt av utviklinga

Sofie Høybakk (29) er Årets unge bonde. Sterk vilje og mykje pågangsmot passar godt til vinnaren, meiner juryen om den unge mjølkebonden som tok over familiegarden i 2018.

Undyr i nyefjøset: Sofie Høybakk og sambuaren, Odd-Eirik Øyen, er mjølkeprodusentar på Vigra. Prispengane vil bli brukt på studietur til Austerrike for å lære meir om høytørker, eller på ferietur til Italia. (Foto: Odd Eirik Øyen)
Undyr i nyefjøset: Sofie Høybakk og sambuaren, Odd-Eirik Øyen, er mjølkeprodusentar på Vigra. Prispengane vil bli brukt på studietur til Austerrike for å lære meir om høytørker, eller på ferietur til Italia. (Foto: Odd Eirik Øyen)

Sofie og sambuaren, Odd-Eirik Øyen, tok over familiegarden hennar på Vigra i 2018. Vigra er den største av øyene i Giske kommune like nord for Ålesund. Paret driv mjølkeproduksjon, fôrar opp slakteoksar og ser nærmare på ulike måtar for produksjon av tørrhøy.

Dei har båsfjøs med 22 plassar og ei kvote på 140 tonn.

– I det nye fjøset har vi akkurat no 40 ungdyr som vi fôrar opp til slakt, seier Sofie.

– Bobla over

Det har blitt mange intervju, blant anna i NRK, Øy-blikk, Nationen og Sunnmørsposten, og mykje styr etter Sofie vann kåringa under Agroteknikk den siste helga i november.

– Eg var lite førebudd på dette. Det var moro å bli nominert og vere ein del av kåringa, men etter kvart, då eg forstod at det var eg som var vinnaren, bobla det heilt over. Heldigvis var Odd-Eirik i salen, seier ho.

Sofie vart godt kjent med dei andre nominerte bøndene i løpet av helga.

– Det var ein fin gjeng, og eg er full av beundring for dei andre, gode og fine forbilde, alle saman. Dei kjem frå heile landet, frå ulike bruk og produksjonar, seier vinnaren.

– Kva sa far din etter at topplassen var sikra?

– Far min er ein mann av få ord. Han gratulerte meg, men eg trur ikkje at han heller var førebudd på dette. Men Odd-Eirik var i alle fall rørt, der han stod i salen.

– No eller aldri

På Monsgarden har det unge paret sete i stand det gamle båsfjøset med ny kledning og nytt tak, og reist eit nytt fjøs til ungdyra.

Garden disponerer 550 dekar med jord, men mykje av dette er leigejord.

– Kvifor vart det du som tok over garden?

– Det var ein del fram og tilbake, og uvisse rundt det heile. Eg har to systrer, begge er eldre og hadde betre odel, men dei sa frå seg odelen begge to. Eg trur nok far min håpa at eg ville overta, og i 2017 meinte eg tida var inne og sa til han: No skal vi ta over, det er no eller aldri. Vi gav han beskjed, vi måtte hoppe i det, eller reise vekk for å ta arbeid andre stader, seier Sofie.

Aldri nybygg utan støtte

Paret viste at mykje arbeid og store investeringar i bygningar og reiskapar venta. Det har skjedd mykje på Monsgarden desse tre åra.

– Det var mamma og pappa sitt bruk dette. Dei bygde det opp, men det var tid for oppgraderingar. Heldigvis fekk eg støtte frå Innovasjon Norge gjennom generasjonsskifteordninga. Det er ekstra støtte til unge kvinner under 35 år som vil overta, og eg fekk dekka 70 prosent av utgiftene til oppgraderinga av gamlefjøset, og dessutan 30 prosent støtte til bygginga av det nye. Vi kunne aldri ha gjort dette arbeidet utan denne støtta, seier Årets unge bonde.

Kåring sidan 2010: Sofie Høybakk er den tolvte vinnaren av Årets unge bonde. Bak kåringa står Felleskjøpet Agri, McDonald´s Norge og NBU. (Foto: Camilla Mellemstrand, FK Agri)
Kåring sidan 2010: Sofie Høybakk er den tolvte vinnaren av Årets unge bonde. Bak kåringa står Felleskjøpet Agri, McDonald´s Norge og NBU. (Foto: Camilla Mellemstrand, FK Agri)

Det kan blåse og regne hardt på Vigra, så veggane kor det står hardast på, treng ofte måling og vedlikehald. Dei har og skifta ut ein del reiskapar på garden,

Godt med mekanikar i huset

Sofie har ein bachelor i økonomi frå Kingston University/NTNU Ålesund og Odd-Eirik er utdanna industrimekanikar. Han kjem frå naboøya, Valderøya, men har ikkje bakgrunn frå landbruket.

– Eg tok agronomutdanning ved Mo og Øyrane vgs. i Førde (vaksenagronom), samstundes som eg fullførte bachelorgraden i økonomi. Eg har med meg ei forståing for økonomifaget, men har sete vekk rekneskapen på garden. Eg har meir enn nok å setje meg inn i, det er mykje papirarbeid som føl med gardsdrifta, seier Sofie som var gravid med Henny då paret tok over garden i 2018.

Annonse

– Det var tøft frå dag ein, men eg er veldig glad for at Odd-Eirik er utdanna industrimekanikar. Han er interessert i motorar og reiskapar. Odd-Eirik kan dette, og det kjem veldig godt med. Eg køyrer traktorane, og så passar han på dei, seier ho og ler godt.

Det var tøft frå dag ein, men eg er veldig glad for at Odd-Eirik er utdanna industrimekanikar

Sofie Høybakk

Tankar om framtida

Bondeparet har mange planar og draumar, men kva dei landar på vidare, er usikkert. Kravet om lausdrift frå 2034 har dei tenkt mykje på, innrømmer Sofie.

Utdanning: Sofie tok agronomutdanning ved Mo og Øyrane vgs. i Førde, samstundes som ho fullførte bachelorgraden i økonomi. (Foto: Fridgeir Walderhaug)
Utdanning: Sofie tok agronomutdanning ved Mo og Øyrane vgs. i Førde, samstundes som ho fullførte bachelorgraden i økonomi. (Foto: Fridgeir Walderhaug)

– Vi er veldig usikre med tanke på dette. Eitt alternativ er å byggje på det nye fjøset, som ein del to. Det har vi tenkt på, men vi har vald å vente med å bestemme dette. Vi er sikre på at vi vil halde fram med mjølk, Det er ein veldig viktig produksjon, og eg vil ha mjølkekyr, utover det veit vi ikkje, seier ho og legg til:

– Vi vil ikkje berre utvide, eg ser det blir hardt økonomisk. Eg vil ikkje berre gjere det, fordi alle andre gjer det. Vi kan heller ikkje gjere det utan vidare, det blir meir kostnader, og vi må springe enno fortare.

Følgt med på kåringa

– Kva meiner du om kåringa, Årets unge bonde?

– Eg har jo følgt med på kåringa dei siste åra, men eg har ikkje kjent til andre som har vore med. Eg har beundra mange av dei som har vore med i konkurransen, men det har aldri vore eit mål for meg å vere med her. Eg trudde heller ikkje kåringa var aktuell for meg, seier Sofie.

Å få det til å gå rundt, har vore det viktigaste for oss, forklarer Årets unge bonde. MenSofie har nytt prosessen, men ville ikkje snakka for mykje om det.

– Det er ei ære å vere finalist, seier ho, og legg til:

– Vi er saman om det, vi må jobbe saman, og det gjeld heile næringa. Vi må samarbeide best mogleg, lokalt, regionalt og nasjonalt, vi må sjå heile næringa. Saman kan vi klare mykje, å få kvart bruk betre.

Austerrike eller Italia

Vinnaren får 20 000 kroner i reisestipend, eit gåvekort på 10 000 kroner hos FK Agri og avløysar i opptil ei veke, levert av NLT.

– Kor vil de reise for stipendet?

– Det er ikkje bestemt enno. Det blir anten ein ferietur til Italia, med familie frå begge sider, eller ein studietur til Austerrike for å sjå på høytørker. Det er nemleg ein av ideane vi har drøfta, å produsere tørrhøy for sal, seier ho.

Det er Ole Løkra i Rauma som sådde det fyrste frøet om å produsere tørrhøy på garden. Han snakka varmt om dette på eit møte i regi av Bondelaget. Løkra har ikkje importert høytørke enno, men ønskjer å gjere det. Det er eit system med avfukting, som egner seg særleg godt til norske, ustabile tørkeforhold.

– Det er fleire bønder på Vigra som ikkje har etterkommarar som ønskjer å ta over per i dag, og ein del av desse gardane vil nok gå ut. Eg er skremt av utviklinga, det er masse arel her, og gode ressursar. Med dette tørkesystemet kunne vi produsert høy og seld til andre bønder. Akkurat no er det nok meir ein draum enn ein plan, men det er god forvalting av arela, seier Sofie.

Sel rundballar i dag

Vigra-bonden produserer og sel rundballar i dag, men likar det ikkje.

– Det er dyrt per fôreining å transportere, og gir mykje plast. Med denne teknologien kan ein halde betre på næringsinnhald og smak i høyet, i tillegg er haustinga meir effektiv. Derfor kan dette vere ein ny næringsveg for nokre bønder, meiner Sofie Høybakk.

Neste artikkel

Sofie Høybakk er Årets unge bonde