Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slaktar og bonde fekk BU-prisen i Hordaland

Lars Ingvald Folkedal i Hardanger har bygd både slakteri og eige sagbruk på garden.

Lars Ingvald Folkedal har lange arbeidsdagar. Han driv både slakteri og sagbruk på garden i Folkedal, i tillegg driv han og kona gardsbutikk. (Foto: Karl Erik Berge)
Lars Ingvald Folkedal har lange arbeidsdagar. Han driv både slakteri og sagbruk på garden i Folkedal, i tillegg driv han og kona gardsbutikk. (Foto: Karl Erik Berge)

– Å få ei slik anerkjenning frå Innovasjon Norge betyr mykje for meg. Det gjev inspirasjon til å vidare utvikle garden som ein god arbeidsplass både for meg sjølv og andre, og samstundes prioritere kvalitet og bærekraft i alle ledd, både innan kjøttproduksjon og treforedling, seier Folkedal i ei pressemelding.

På garden i Folkedal i Granvin gjev eigne dyr, i tillegg til råvarer frå andre gardar, grunnlaget for årleg slakting og foredling av 25 tonn kjøtt, skriv Innovasjon Norge.

Lars Ingvald Folkedal er sjølv slaktar og legg stor vekt på lokal slakting. Han produserer òg pølser, farse og stykningsdelar på garden.

– Bedriftsutviklingsprisen i landbruket skal synleggjere og heidre innovative bedrifter i landbruket. Det er eit stort mangfald i norsk landbruk i dag. Folkedal er eit godt døme på den spennande utviklinga, det harde arbeidet og dei flotte resultata norske bønder er med på å produsere, seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Eigen gardsbutikk

Annonse

Folkedal og kona driv eigen gardsbutikk der mykje av produkta vert seld. I tillegg leverer han kjøttvarer til storkundar og butikkar. I gardsbutikken sel han òg andre varer, mellom anna lokalprodusert honning og eplemost.

Paret overtok garden i 2013 etter foreldra hans. Men då hadde Lars Ingvald, som leigde eit nabobruk, og faren drive mjølkesamdrift sidan 1999.

– Landbruket må ta eit aktivt klimaansvar i åra som kjem. Folkedal tilbyr kortreist mat, produsert på dyr som går heile sommaren på beite og som slepp å verte transportert lange vegar for slakting. I tillegg nyttar han lokal skog til bioenergi og til bygging av tradisjonsrike hus med lågt karbonavtrykk. Han syner at klimavenleg produksjon kan gje både arbeidsplassar og god lønsemd, og vi treng fleire bønder som han, seier Nina Broch Mathisen, leiar av Innovasjon Noreg Vestland.

Tømmer til grindverkbygningar

Lars Ingvald Folkedal har også bygd opp eige sagbruk på garden. Her kan han skjere vestlandsgran av store dimensjonar.

Han produsert tømmer til bygging av grindverkbygningar, som han også jobbar med, både på eigen gard og for andre.

Grindeverksteknikken er ein ubroten byggeskikk spesiell for Vestlandet som har vore uendra i 3500 år. Den gamle byggeteknikken fører til låge klimautslepp, med kortreist tømmer og tre som byggemateriale.

Folkedal er også i gong med å bygge ein heilt ny driftsbygning på garden, ein bygning på 1000 m2 med plass for 30 kyr.

Neste artikkel

Smertefull rasjonalisering