Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sende mat-oppfordring til Equinor

Geir Pollestad oppfordrar Equinor og Norsk Olje og Gass om å servere norsk mat på norsk sokkel.

Geir Pollestad (Sp) ber Equinor servere norsk mat til dei tilsette på norsk sokkel. Her er Pollestad på Bondelagsfrukost utanfor Stortinget i april. (Foto: Karl Erik Berge)

Leiar i Næringskomiteen Geir Pollestad (Sp) sende i førre veke eit brev til konsernsjef Eldar Sætre i Equinor og administrerande direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk Olje og Gass der han ber dei servere norsk mat til dei tilsette på norsk sokkel.

Han peiker på at mykje av kjøtet dei serverer, er importert, samstundes som norsk landbruk slit med overproduksjon av dei fleste kjøttslaga.

– Eg vil difor oppmoda Equinor og dei andre operatørselskapa på norsk sokkel til å gjera eit prinsippvedtak om at norsk kjøtt og norske landbruksvarer skal nyttast så langt som råd er, skriv Pollestad.

Annonse

– Oljenæringa treng å bygge alliansar og aksept i befolkninga. Bondenæringa er ei sterk kraft i samfunnet og eg trur oljenæringa har mykje å vinne på å satse på norsk mat, skriv han.

Pollestad peikar på at Norge har eit miljøvenleg landbruk, og produserer kjøtt med låg bruk av antibiotika, låge utslepp av klimagassar og høg dyrevelferd.

Bondebladet skreiv i nummer 18 i år at Equinor kjøper inn mat for 220 millionar kroner i året, men heile 80 prosent av kjøtet er importert.

Årsmøtet til fagforeininga Safe Sokkel Equinor vedtok i mars å oppfordre styret sitt til å vere ein pådrivar for at Equinor skal tilstrebe seg å bruke mest mogleg norsk kjøt og råvarer på alle sine installasjonar.

Formålet er både å støtte og styrke norske produsentar og distrikta, og å redusere fotavtrykket på ein berekraftig måte. De meiner det også vil ha stor verdi for Equinors omdømme.

Neste artikkel

Mener vegetartrenden har rammet norsk fjørfenæring