Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa vil ha investeringsordning for mjølkebruk inn i budsjettet for 2022

Regjeringa vil styrke investeringsverkemidla med midlar utanfor jordbruksavtalen. Dette skal skje gjennom ei investeringsordning som blant anna skal målrettast mot små og mellomstore mjølkebruk, for å følgje opp lausdriftskravet.

Regjeringa vil ha på plass ei investeringsordning for mjølkebruk. Dei vil også redusere kvotetaket for kumjølk ned til 500 000 liter og innføre tak på tilskot i all produksjon. (Foto: Karl Erik Berge)
Regjeringa vil ha på plass ei investeringsordning for mjølkebruk. Dei vil også redusere kvotetaket for kumjølk ned til 500 000 liter og innføre tak på tilskot i all produksjon. (Foto: Karl Erik Berge)

Ordninga skal startast allereie i statsbudsjettet for 2022, skriv den nye Ap/Sp-regjeringa i Hurdalsplattforma. I plattforma, som er på 83 sider, legg dei fram kursen for dei neste åra. Regjeringa har mange planer/visjoner når det gjeld landbruk.

Regjeringa vil blant anna senke kvotetaka for mjølkeproduksjonen for kumjølk ned mot 500 000 liter. Dei som har tilpassa seg dagens høge nivå, kan behalde kvotane eller selje overskytande kvotar attende til staten til avtalt pris.

Dei vil også etablere beredskapslagring for korn.

Regjeringa vil vidare:

• Leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. Opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i jordbruksavtalen og baserast på nytt talgrunnlag.

• Sikre riktig talgrunnlag for jordbruksoppgjeret, irekna å måle inntektsnivået og ikkje berre inntektsutviklinga. Arbeidet som er sett i gang for å greie ut dette, skal vidareførast.

• Vurdere tiltak for å redusere kvotekostnadar og redusere delen leigekvotar.

• Innføre tak på tilskot i all produksjon.

Nasjonalt senter for fjellandbruk

Den nye regjeringa vil og ha betre berekraft i landbruket gjennom auka bruk av utmarksbeite, setring, klimatilpassing og investering i jord. Dei vil etablere eit nasjonalt senter for fjellandbruk. Regjeringa vil vidare:

• Stimulere til auka produksjon og omsetnad av lokalmat og -drikke og økologisk mat.

Annonse

• Gjennomgå erstatningsordningane for avlingsskadar.

• Leggje fram og gjennomføre ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske ressursar og setje eit mål for sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, på 50 prosent.

• Vidareutvikle velferdsordningane for jordbruket og leggje fram ein eigen plan om dette.

• Sikre importvernet for norsk jordbruk, blant anna gjennom val mellom prosent- og kronetoll, og sørgje for at importvernet ikkje blir svekka, når ein inngår nye handelsavtaler.

• Greie ut nye og sterkare verkemiddel for marknadsregulering.

Vil fase ut konkurransepolitiske verkemedel

Regjeringa vil bevare prisutjamningsordninga for mjølk, men gradvis fase ut dei konkurransepolitiske verkemidla frå ordninga. Regjeringa vil også:

• Styrke landbruksforskinga.

• Gjennomgå og betre landbruksutdanningane på alle nivå.

• Lage ein plan for anstendige løns- og arbeidsvilkår for tilsette i jordbruket og grøntsektoren saman med faglaga og partane i arbeidslivet, med mål om å gjere næringa meir attraktiv for norske arbeidstakarar.

• Redusere matsvinnet, blant anna ved å utarbeide ein matkastelov.

• Gjennomgå rammevilkåra for hestesporten.

• Sluttføre erstatningsoppgjeret for pelsdyrnæringa.

Neste artikkel

Barth Eide vil bruke handlingsrommet