Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pinnekjøt frå Strilalam er suksess i vest

Strilalam er kortreist og lokalt foredla kjøt frå Sotra og omland. Både Sotrafolk og bergensarar har fått opp auga for dei gode produkta, særleg pinnekjøtet.

Strilalam sel ca 50/50 av pinnekjøt frå norsk kvit sau og villsau. (Foto: Matprat)
Strilalam sel ca 50/50 av pinnekjøt frå norsk kvit sau og villsau. (Foto: Matprat)

Seks sauebønder på Sotra starta Strilalam SA i 2006, Elin og Sturle Minde driv Ulveseth-tunet aktivitetsgard. Paret har norsk kvit sau og spælsau, i tillegg til hest, kaninar og høns, og driv med Inn på tunet.

– Vi er framleis dei same seks bøndene som starta opp, og har hjelp av ungar og andre. Vi bygde produksjonslokale, med stor hall for slakting, på Algerøy i 2009. Her har vi bygsla ei tomt og har også gardsbutikken her, seier Sturle Minde.

Dei fyrste åra var det Mobilslakt som tok seg av all slaktinga til Strilalam. Mobilslakt rygga heile hengaren inn i hallen, men frå 2013 har dei seks bøndene slakta alle dyra sjølve.

Sturle Minde er sauebonde på Sotra. Han og kona driv aktivitetsgard i tillegg. (Foto: Privat)
Sturle Minde er sauebonde på Sotra. Han og kona driv aktivitetsgard i tillegg. (Foto: Privat)

– Vi er tre stykker som har teke slaktekurs, og har papir på det, i tillegg har vi ei bekjent som har teke kurs som klassifisør og ein person vi leiger inn til flåing av dyra. Det er som eit minislakteri. Vi slaktar frå 80 til 100 dyr per dag, ca. seks timar effektiv slakting, i tillegg kjem reingjering og klargjering for slakting, seier sauebonden.

Dei kan slakta storfe, gris og storvilt og, men det har dei ikkje gjort mykje enno.

Mindre gulping

Pinnekjøt og fenalår er produkta som har største omsetning for Strilalam. I tillegg sel dei lammerull, pinnebog, strilakorv, grillpølser, stykningsdeler, spekepølser og skinn.

– Mange vil ha pinnekjøt av villsau, det har teke heilt av. Vi skjer av låret og litt av framfoten på villsauen, ryggen og resten av bogen sit på. Dermed blir det meir kjøt på pinnekjøtet, dersom dyret er lite, seier han.

Mindre gulping etter det tunge måltidet, er tilbakemeldingar frå kundane.

– Det er ein anna type feitt på villsauen, og marmoreringa er annleis, nett som på spelsau. Det er mange kundar som melder tilbake dette. Auken i salet har skjedd gradvis og over tid, og vi har sjølve gått over til pinnekjøt av villsau, seier Minde.

Strilalam sel ca. 50/50 av pinnekjøt frå norsk kvit sau og villsau.

– Dei siste åra har vi seld rundt fire tonn pinnekjøt i året. Vi sel mykje kjøtvarer på Bondens Marked og i Rekoringar, på fire ulike stadar i Bergen, i tillegg til Os, seier han.

Bergensarane vil ha urøykt

Villsauene går på sommarbeite i Øygarden kommune, dei andre sauene går på Kvamskogen, Kvitingen, Gullfjellet og i Masfjordfjella.

Villsauene går på sommarbeite i Øygarden. Dette er frå Solund i Sogn. (Foto: Karl Erik Berge)
Villsauene går på sommarbeite i Øygarden. Dette er frå Solund i Sogn. (Foto: Karl Erik Berge)
Annonse

Bergensarane er glade i pinnekjøtet av villsauen, og dei vil helst ha det urøykt. Kundar frå Hardanger, Voss og Sogn og Fjordane, føretrekkjer ofte røykt pinnekjøt.

– Vi brukar lang tid på tørking av kjøtet, 6–8 veker på tørkeloft er vanleg. Det blir anna modning av pinnekjøtet på denne måten. I tillegg bør kjøtet ha god vatning. Hanne på Høyden selde veldig bra med villsau frå oss, så lenge ho heldt på dreiv restauranten i Bergen. Hanne gjorde nok ein veldig bra jobb for oss, det var god marknadsføring for Strilalam, seier sauebonden.

Gammelnorsk sau

Gammelnorsk sau er den rasen som lignar mest på dei opprinnelege og aller første sauene som fantes i Norge, for nærare 5000 år sidan, skriv Nibio på sine heimesider.

«Rasenavnet er gammelnorsk sau, mens Norsk Villsau er varemerket på produkter fra gammelnorsk sau som beiter lynghei og som går ute året rundt», skriv Nibio om villsau.

Tett på kundane

I år har dei litt pinnekjøt av villsau igjen, men det går nok unna. Det er ein del som vil ha pinnekjøtt på nyttårskvelden og, meiner Sturle Minde.

– Vi har satsa veldig på villsau i år, og starta med slakting i midten av august. Eg trur vi har hatt størst omsetning i rekoringar i år, det har tatt veldig av. Vi har og hatt godt sal på Bondens Marked, på gamle HSD-kaien i Bergen, helgane før jul. Her kunne telta bli ståande, og det er mindre vêrutsatt enn på Torget. Det er betre for kundane, og ein veldig triveleg plass å selja varene våre. Det er eit stort pluss å vera så nærme Bergen og kundane, seier han.

Rull av sau og lam

Ein del kundar kjøper varene på nett, så lagar sauebøndene ferdig til henting i butikken. I tillegg leverer dei ein del pinnekjøt, fenalår og andre produkt til Meny på Sartor senter.

– Vi lagar fårerull/pølse av sauen, for å bruka dette produktet, i tillegg til lammerull. Vi gjer alt sjølve, skjering og røyking, men får hjelp av Evanger Pølesefabrikk til fårerullen. Pølsene må henge til tørk i fleire månader, og dei har nok eitt tørråra klima enn oss her ute mot havet.

Låra beinar dei ut, og krydrar og kokar. Dette blir godt som pålegg, fortel Minde.

– Vi har og prøvd med grava kjøtt, og andre ulike produkt, her har vi fått hjelp frå ein som kan faget, seier han.

Strilalam slaktar 1400–1500 dyr i året, det inkluderer ein del for retur til andre bønder på Sotra.

Likar kontakt med kundane

Fire av dei seks bøndene har jobb utanom sauedrifta. Dei har og eit godt samarbeid med andre, for eksempel Evanger Pølsefabrikk og Voss gardsslakteri.

Omsetninga til Strilalam ligg på 2,5-2,7 millionar i året.

– Vi må nok ta noko grep for å auke innteninga, og det har vi starta ein prosess rundt. Det er veldig moro med den gode kundekontakten. Mange kundar likar å få høyre historia bak produkta vi sel. Det blir noko anna, seier Sturle Minde.

Neste artikkel

Ingvald rammes hardt av rovdyrtrøkket