Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nytt tilfelle av skrantesjuke på elg

Veterinærinstituttet har påvist skrantesjuke på ei elgku funnen død i Sigdal i Buskerud.

Skrantesjuke er dødeleg for hjortedyr, men han har så langt ikkje smitta til menneske, verken frå dyr eller kjøtt. Denne elgen er ikkje smitta av sjukdommen. (Foto: Karen Marie Mathisen)
Skrantesjuke er dødeleg for hjortedyr, men han har så langt ikkje smitta til menneske, verken frå dyr eller kjøtt. Denne elgen er ikkje smitta av sjukdommen. (Foto: Karen Marie Mathisen)

Det er påvist skrantesjuke i fleire hjerneprøvar frå elgkua, medan prøvar frå lymfeknutar er negative, skriv Veterinærinstituttet.

Det var elgjegerar som tilfeldig kom over det daude dyret. Dette er det sjette tilfelle av skrantesjuke blant norske elgar etter at Veterinærinstituttet oppdaga sjukdomen for første gong i 2016.

Dei fem første har vore av typen atypisk skrantesjuke som blir rekna som ikkje-smittsam. Også på desse var lymfeknutane negative.

94 754 hjortedyr testa

Annonse

Sidan starten i 2016 er 94 754 hjortedyr testa for skrantesjuke. Alle som ser sjuke eller daude hjortedyr, blir bedt om å melde frå til Mattilsynet.

Alle som ser sjuke eller daude hjortedyr, blir bedt om å melde frå til Mattilsynet. Symptom på skrantesjuke er avmagring, hyppig urinering og unormal oppførsel, til dømes at dyr ikkje skyr menneskjer.

To variantar av skrantesjuke

Forsking ved Veterinærinstituttet har synt at det er to variantar av skrantesjuke i Noreg, ein smittsam variant og ein variant som formodentleg ikkje er smittsam.

Den smittsame varianten er kun funnen på villrein i Nordfjella. Atypisk skrantesjuke er tidlegare påvist på fem elgar; tre i Selbu, ein i Lierne og ein i Flesberg, i tillegg til ein hjort i Gjemnes.

Neste artikkel

Bollestad har kalt inn Mattilsynet til møte