Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nytt tilfelle av skrantesjuke hos elg

Prøve frå eit elgkadaver i Steinkjer er positiv for skrantesjuke (CWD).

Kadaveret stammer mest truleg frå ei eldre elgku i Steinkjer, skriv Veterinærinstituttet. Elgen på bildet har ingen ting med saka å gjere. (Foto: Karen Marie Mathisen)
Kadaveret stammer mest truleg frå ei eldre elgku i Steinkjer, skriv Veterinærinstituttet. Elgen på bildet har ingen ting med saka å gjere. (Foto: Karen Marie Mathisen)

Veterinærinstituttet varsla Mattilsynet sist veke at prøve frå hjernevev er positiv for skrantesjuke (CWD), melder Veterinærinstituttet.

Sidan prøven frå hjernevev var positiv for CWD, medan det ikkje vart påvist CWD i lymfeknutevev frå same dyr, syner dette at det er eit nytt tilfelle av den same CWD-varianten som er gjort i eldre elgar og hjort i Noreg tidlegare.

Forskarar ved Veterinærinstituttet har slått fast at det er to variantar av skrantesjuke, ein som kan smitte mellom levande hjortedyr og ein variant som truleg ikkje kan det.

– Overvaking fungerer godt

Kadaveret stammer mest truleg frå ei eldre elgku, skriv Veterinærinstituttet.

Annonse

– Dette stadfester at det omfattande overvakingsprogrammet for skrantesjuke hjå hjortedyr satt i verk av norske styremakter fungerer godt. Då er det forventa at vi finn nokre slike isolerte tilfelle av skrantesjuke hjortedyr frå år til år, seier forskar Sylvie Benestad ved Veterinærinstituttet.

Kadaveret såg ut til å ha logge lenge og mykje var borte. Etter innsendt prøve frå felt, blei hovudet seinare skipa til Veterinærinstituttet i Oslo for vidare undersøkingar.

Berre på villrein i Nordfjella

Sidan Veterinærinstitutt oppdaga skrantesjuke i 2016 for første gong i Europa, er over 103 000 hjortedyr blitt testa for sjukdomen i Noreg.

Den smittsame varianten er berre funnen på villrein i Nordfjella Sone 1 kor heile flokken er tatt ut.

Atypisk skrantesjuke er funnen på til saman sju elgar; tre i Selbu, ein i Lierne, ein i Flesberg, ein i Sigdal og sist no i Steinkjer, pluss ein hjort i Gjemnes.

Neste artikkel

Ny behandling av gamle saker