Arla set opp prisen for konvensjonell mjølk med 13,0 svenske øre per kilo frå 1. oktober. Etter prisoppgangen får produsentar av konvensjonell mjølk 600,9 svenske øre per kilo mjølk, melder atl.nu.
I september i fjor var prisen for konvensjonell mjølk på 375,1 øre per liter.
Den økologiske mjølka blir liggande på samma nivå som i september, men Arla påpeikar at Sverige blir påverka positivt av ein valutaeffekt og at prisen derfor betyr ein auke med 2,7 svenske øre.
Arla Sveriges direktør, Kai Gyllström, konstaterer på nytt at kostnadane i svensk landbruk fortset å auke og at det er viktigt å støtte mjølkebøndene ved å auke prisen til produsentane.
– Det økologiske segmentet har gått litt tilbake, noko som betyr at det finst eit overskot av økomjølk. For å få opp etterspurnaden, arbeider vi med å utvikle produktsortimentet og lyfte fram fordelane med økologisk i marknadsføring og annan kommunikasjon til konsumentane, seier Gyllström i Arlas pressemelding.