Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny prisoppgang for Arla-bønder

Arla set opp mjølkeprisen for konvensjonell og økologisk mjølk med 8,1 svenske øre per kilo frå 1. januar.

Arla set opp produsentprisen for konvensjonell og økologisk mjølk med 8,1 øre (svenske prisar) frå og med 1. januar 2022, melder ATL. (Foto: Anders R. Christensen)
Arla set opp produsentprisen for konvensjonell og økologisk mjølk med 8,1 øre (svenske prisar) frå og med 1. januar 2022, melder ATL. (Foto: Anders R. Christensen)

Etter prisoppgangen får produsentar av konvensjonell mjølk 434,2 svenske øre per kilo og økologiske mjølkebønder 511,2 øre per kilo, melder atl.nu.

Arla slår fast at mjølkeproduksjonen i Europa framleis er under press, og at andre store produksjonsområde viser same negative trend. Når det gjeld mjølkepulver, er marknaden i EU framleis stabil.

I slutten av november sat Arla opp A-kontoprisar med 31,2 svenske øre for konvensjonell og økologisk mjølk. En rekordstor auke som Arla Sveriges vd Kai Gyllström kommenterte på denne måten til ATL:

Annonse

– Det er ein stor auke og vi er glade for at vi klarer denne gode prisauken i dag. Eg er sikker på at dette er ein god beskjed til alle våre eigarar. Bøndene har hatt ein sterk auke i utgifter og kostnader på garden, skriv Kai Gyllström, i ein e-post til ATL.

Korleis prisen kjem til å utvikle seg i framtida, ville han likevel ikkje gje nokre sikre prognosar rundt.

– Vi arbeider for å sikre en høyest mulig mjølkepris for våre eiere, skriv Gyllström vidare.

Neste artikkel

Forholdstallet for kumelk bestemt til 0,95