Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norske juleeple slo godt an

I desember leverte Ullensvang Fruktlager SA og Telefrukt ca. 70 tonn med Elstar og Rubinstep til Coop-butikkane. Epla vart salssuksess.

Coop teste ut norske eple i butikkane sine før jul. Det vart suksess. – Dette var veldig moro, vi vil jo gjerne få seld frukta vår, seier Kari Opedal, konstituert leiar for Ullensvang Fruktlager. Bildet er frå Vangdal i Kvam herad.
Coop teste ut norske eple i butikkane sine før jul. Det vart suksess. – Dette var veldig moro, vi vil jo gjerne få seld frukta vår, seier Kari Opedal, konstituert leiar for Ullensvang Fruktlager. Bildet er frå Vangdal i Kvam herad.

Tradisjonelt varar den norske eplesesongen frå august til november, eit tidsrom med norsk tollvern. I år ville Coop teste ut norske eple før jul.

– Dette har gått veldig bra. Vi selde ut resten i romjula av Elstar og Rubinstep i romjula, seier kategorisjef for frukt og bær i Coop Norge, Atle Olsen.

Epla har gått ut til Coop-butikkar over heile landet, og tilbakemeldingane er svært gode, fortel Olsen.

– Epla har svært god kvalitet, med god aroma og farge. Vi har plukka ut epla i samarbeid med fruktlagera i oktober/november, seier kategorisjefen.

– Vil ha meir norsk frukt

Det er opp til den enkelte butikk og marknadsføra epla i butikken, men mange butikkar har gjort ekstra stas på dei norske eplesortane.

Annonse

– Dette vil vi følgje opp med fruktnæringa. Vi vil gjerne ha meir norsk og løfte næringa vidare opp, seier Olsen.

Godt lagringseple

– Dette var veldig moro, vi vil jo gjerne få seld frukta vår, seier Kari Opedal, konstituert leiar for Ullensvang Fruktlager. Dei skal ha eit evalueringsmøte med Telefrukt og Coop i januar om satsinga.

Ho meiner Elstar, som er ein krysning mellom Ingrid Marie og Golden Delicious, er eit veldig godt eple, med ein søt og god aroma. Sorten er frå Nederland.

– Elstar er eit av dei beste lagringsepla vi har. Det er mange ulike kloner av denne sorten, men dei smakar like godt alle saman, seier Opedal.

Svein Børte er rådgjevar i Telefrukt. Han er glad for at Coop er med på satsinga.

– Det har vore planlagt over tid, for å ta opp konkurransen med utanlandske eple. Dette er ein veldig god start, seier Børte.

Neste artikkel

Kombinerer gris med grønt