Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nattekulden øydelegg for mange fruktbønder

Frostnettene kom på eit svært ugunstig tidspunkt mange stader.

Både morell- og plommetre modnar tidleg, og når blomane opnar seg er dei svært utsatte for frost. Epletrea blømer seinare. Foto: Karl Erik Berge

Fruktbønder i mange delar av landet er råka av nattefrosten den siste veka. Mekjell Meland, seniorforskar i Nibio Ullensvang i Hardanger, er på besøk i Lier når han tar telefonen.

Han kan stadfeste at det er store og tydelege skadar i mange frukthagar i Lier, og også i Gvarv i Telemark.

– Vi ser tydelege skadar i fruktblomane mange stader, både i plomme og eple. Epla står i blom no. Det er ikkje noko nytt dette her, men vi har jo ikkje rådgjerder å sitje inn mot nattefrosten, seier Meland.

Nibio har fleire forsøksfelt i Lier, i lag med Norsk Landbruksrådgiving.

Kort veg frå suksess til fiasko

Organisasjonssjef Jan Thorsen i Telemark bondelag seier til NRK at frostnettene kom på eit ekstremt ugunstig tidspunkt.

– Den unormale varmen i april gjorde at alt såg veldig bra ut. Men so kjem desse frostnettene i mai og knuser alt. Det viser at det er veldig kort veg frå suksess til fiasko, seier Thorsen.

Thorsen meiner situasjonen er dramatisk for dei fruktbøndene som opplever dette.

– Mange har investert mykje penger, og det er ingen tvil om at det blir tøft for dei med tanke på lån som skal betalast. Fjoråret var også ekstremt tøft økonomisk for veldig mange på grunn av tørken vi hadde, seier org. sjefen til NRK.

Annonse

Har unngått minusgrader

Øystein Pugerud driv fruktdyrking på Grimo i Ullensvang.

Han har gått klar kulden og nattefrosten.

– Det har gått bra hos meg, og eg har ikkje høyrt om frostproblem i Hardanger. Det har vore kvitt nokre morgonar, men det har ikkje vore nattefrost. Eg har heller ikkje sett brune fruktblomar, seier han.

Pugerud dyrkar eple, plomme og moreller. Det har vore liten aktivitet frå biene etter at varmen stoppa opp i sist veke, forklarer han.

– Vi veit jo ikkje korleis det vil gå, men eg håper det ordnar seg. Det gjeld å vere optimist, seier Pugerud.

Minusgrader i Ulvik

Iren Lunde Knutsen er rådgivar i Norsk Landbruksrådgiving Vest. Ho kan stadfeste at kulden ikkje har herja i frukthagane langs Hardangerfjorden, men det er målt minusgrader.

– Eg har nett fått rapportert at det var registrert minusgrader på ein målestasjon i Ulvik. Her var det målt -1,1 grader natt til 4. mai og -1,0 natt til i dag. Dette kan dessverer ha hatt ein negativ effekt på blomane, seier Lunde Knutsen.

Neste artikkel

– Avgjørende satsing på frukt og grønt