Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mindre moreller, men meir plommer og eple

Det går mot slutten av årets morellsesong. – Det har vore betydeleg mindre morellavlingar enn i 2018, men det ser bra ut for plommer, eple og pærer, seier Endre Bjotveit, rådgjevar frukt i Norsk landbruksrådgiving.

Eplehausten ser lovande ut på Vestlandet og andre stader i landet. Alle sortar har godt med eple. Her frå ein fruktgard på Vangdal i Kvam herad. (Foto: Karl E. Berge)

Den langvarige varmen i 2018 gav rekordavlingar av moreller i fjor, og svært god smak i eple, plommer og pærer.

– Plommesesongen er akkurat i gang, og det ser rimeleg bra ut for plommene. Eple ser og bra ut, og dyrkarane er så vidt i gang med å hauste tidlegsorten Vista Bella. Det tar noko tid før ein er gang med eplehaustinga for fullt, seier Bjotveit.

Det er på slutten med moreller. Sweetheart er den siste sorten som er på marknaden.

– Det har vore betydeleg mindre avlingar i år enn i fjor, og det har ikkje vore nokon stor sesong for moreller. Me hadde ein veldig kjølig periode i etterkant av bløminga i mai, og det har nok gått særleg utover morellene. I tillegg var det ein svært god sesong i fjor, men fyrst og fremst er det nok den kalde perioden som gjev utslag her, seier rådgjevaren.

Ser bra ut for eple

Ein ny prognose per 1. august, frå fruktlagerinspektør Leif Øie i Grøntprodusentenes Samarbeidsråd (GPS), seier 7 802 tonn med klasse 1 eple over heile landet. Det er noko over gjennomsnittet.

Annonse

– Vi har sett ein noko aukande tendens dei siste åra. I 2018 vart det levert 7 301 tonn med klasse 1 eple i heile landet, levert gjennom fruktlager og andre registrerte omsetningsledd. Det ser jamt over ser bra ut i epleproduksjonen, men det er ein del variasjonar. Det er litt opp frå fjoråret i dei fleste sortar, og det ser ut til å bli gode avlingar i til dømes Raud Aroma og Discovery, seier Bjotveit.

– Det er meldt ein god del regn dei neste dagane, kan det føre til skadar i frukthagane?

– Ein kan risikera noko sprikking på plommene, særleg når jorda er så tørr som no. Det kan bli ein brå overgang frå langvarig tørke til mykje nedbør, seier han.

Mindre pærer enn i fjor

Pæreprognosen ligg noko under fjoråret, den siste prognosen for heile landet viser 302 tonn.

– Det var ein veldig bra pæresesong i fjor, 487 tonn til saman i heile landet. Det var særleg bra med sorten Ingeborg i fjor, men sorten sviktar i år. Det er mykje Ingeborg som er planta ut i Hardanger, men det er ein del problem med å få stabile avlingar på denne sorten. Ein grunn til det, kan vera at sorten er planta på ei for sterk grunnstamme, seier Bjotveit.

Det vart hausta til saman 30 tonn med Celina, den nye norske sorten, i 2018.

– Den siste prognosen viser 133 tonn i år. Det er mange unge plantingar som er på veg opp, særleg i Sogn og Fjordane, men det er og ein del plantingar i Hardanger og enkelte austpå, seier rådgjevaren i NLR.

Neste artikkel

Står fortsatt korn ute i Innlandet