Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Landbrukets klimaplan er bærebjelken

Styresmaktene følgjer opp klimaavtalen som er inngått med landbruket.

– I klimaplanen slår vi fast at klimaavtalen mellom staten og jordbruket er berebjelken i det vidare klimaarbeidet i landbruket, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF). (Arkivfoto: Anders Sandbu)
– I klimaplanen slår vi fast at klimaavtalen mellom staten og jordbruket er berebjelken i det vidare klimaarbeidet i landbruket, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF). (Arkivfoto: Anders Sandbu)

Klimaplanen som blir lagt fram i dag, er regjeringa sin plan for å nå målet under Parisavtalen om minst 50-55 prosent kutt i utslepp i 2030, samanlikna med 1990.

Landbruket har ei avgjerande rolle i dette arbeidet og er allereie godt i gang med å redusere sine klimagassutslepp, skriv LMD på sine heimesider.

– I klimaplanen slår vi fast at klimaavtalen mellom staten og jordbruket er berebjelken i det vidare klimaarbeidet i landbruket. Landbruket bidreg med viktige kutt i klimagassutsleppa og auka opptak av CO2. Næringa har redusert utsleppa per produsert eining over fleire år, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Annonse

Klimaplan i 2019

Som ei av få næringar i Noreg har jordbruket inngått ein forpliktande klimaavtale med styresmaktene. Den klimaplanen regjeringa legg fram i dag, byggjer for landbruket sin del vidare på den avtalen som allereie er inngått.

– Norsk landbruk skal produsere det forbrukarane etterspør på ein klimasmart måte. Eit levande jordbruk i heile landet og eit aktivt skogbruk er naturlege og heilt sentrale delar av det grøne skiftet og framtidas grøne næringsliv, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Skal kutte 5 millionar tonn

I klimaavtalen med jordbruket har partane forplikta seg til å arbeide for at utsleppa blir redusert og at opptak av karbon aukar, tilsvarande 5 mill. tonn CO2-ekvivalenter for perioden 2021 til 2030.

Neste artikkel

Opsjonsavtalar: Eg har svart