Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kornprognosen justert opp med 54 000 tonn

Felleskjøpet Agri har oppdatert kornprognosen i Norge.

Kornprognosen er lågare enn inntrykket av innhaustinga så langt, melder FK Agri. Foto: Marit Glærum
Kornprognosen er lågare enn inntrykket av innhaustinga så langt, melder FK Agri. Foto: Marit Glærum

Prognosen tilseier ein tilgang av korn og oljevekstar som er 54 000 tonn høgare enn prognosert i august, og 14 prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra.

Prognosen er basert på at totalt kornareal er uendra frå i fjor og vurderingar av Norsk Landbruksrådgiving (NLR) av avling pr. dekar, melder FK Agri.

Prognosen er lågare enn inntrykket av innhaustinga så langt.

Annonse

Prognosane for forbruk av matkorn og fôrkorn er oppdatert med data frå Tine, Nortura og Landbruksdirektoratet.

Det er god tilgang på matkorn, og fordelinga mellom dei ulike kvalitetane av kveite er god. Ein reknar med at møllarar og bakarar vil kunne bruke opp mot 80 prosent norsk korn i mjølblandingane, skriv FK Agri.

Forventa overskot av matkorn vert omregulert til fôrkorn, og marknadsregulator har invitert til å gje tilbod på omregulering av 20 000 tonn matkveite klasse 4.

Ny prognose vil bli gitt i november, basert på registrert innkjøp av korn.

Neste artikkel

Andreas holdt på å gi opp korndyrkinga