Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klart for matfest på Koengen i Bergen

Fredag starter Bergen Matfestival. Arrangørane håper på 45–50 000 besøkande i løpet av helga.

Viktig matarena: Under festivalen kan ein høyre historiene bak maten. (Arkivfoto frå Bergen Matfestival)

Bergen Matfestival vert arrangert frå 30. august til 1. september på Koengen i Bergen. Festivalen er ein viktig arena for lokal mat og drikke frå Vestlandet.

I 2016 overtok Matarena AS ansvaret for Bergen Matfestival, etter at Fylkesmannen i Hordaland har drevet denne i 15 år. Ingerid Wembstad frå Matarena AS er prosjektleiar for Bergen Matfestival.

Wembstad fortel at det var ca. 40 000 besøkande innom festivalen i 2018.

– Det var veldig bra stemning og besøk i fjor. Vi opplever stort engasjement for lokal mat og drikke, og i år har vi som mål 45–50 000 besøkande. Det er eit hårete mål, men vi har tru på det, seier Wembstad.

Ca. 130 utstillarar

Annonse

Det er påmeldt ca. 130 utstillarar til matfestivalen i Bergen. I år vert sideren ekstra profilert, gjennom Norsk siderfestival. Dette er eit samarbeid med Hardanger Siderprodusentlag, og blir omtalt som ein fest i festen. – Norsk sider har hatt ein fantastisk utvikling og vekst dei siste åra. Det kjem13 siderprodusentar frå heile landet til Bergen, og det blir blant anna smaking og testing av sider, seier ho.

På Norsk Siderfestival kan du smake deg gjennom det aller beste av autentisk, naturleg og frisk norsk sider.

Hordaland Bondelag med mange aktivitetar

Ung matfest er ein annan fest i festen. Her vert det lagt vekt på at barn og unge opp til 15 år skal få meir kunnskap om mat.

Hordaland Bondelag har mange spennande ting på gang under festivalen – blant anna gratis matkurs, opplevingar og formidling av kunnskap.

– Vi vil inspirere dei unge til å lage meir mat. Dette skal vere ein miljøvenleg matfestival og vi skal også sjå nærare på matsvinn, i samarbeid med Mette Nygård Havre. Vi skal vise kor mykje mat som faktisk blir kasta. Matfestivalen skal vere eit løft i forhold til klima og miljø, seier Wembstad.

Neste artikkel

Prosjekt om bønders psykiske helse nominert til helsepris