Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Inntektsnedgang i jordbruket for andre året på rad

Katastrofeår for korn, godt år for frukt og bær.

Lågast jordbruksinntekt hadde korn med negativ inntekt på minus 84 000 kroner per årsverk. Even Kristian Mangerud på Romerike var ein av mange kornbønder med svært dårlege avlingar i 2018. (Foto: Glen Widing)
Lågast jordbruksinntekt hadde korn med negativ inntekt på minus 84 000 kroner per årsverk. Even Kristian Mangerud på Romerike var ein av mange kornbønder med svært dårlege avlingar i 2018. (Foto: Glen Widing)

Gjennomsnittleg inntekt per årsverk gjekk ned med 11 prosent, til 287 500 kroner, frå 2017 til 2018, skriv Nibio i ei pressemelding.

– For andre år på rad vart det i 2018 inntektsnedgang i jordbruket, etter tre år med vekst før det, seier seniorrådgjevar og driftsgranskar Torbjørn Haukås i Nibio.

Haukås er ansvarleg for den årlege rekneskapsundersøkinga.

Store skilnader

Samla jordbruksinntekt gjekk ned med 11 prosent. Størst inntekt fekk dei som dyrka frukt og bær.

– For kornbøndene vart det eit katastrofeår. Tørken i store delar av Sør-Noreg førte generelt til reduserte avlingar og driftsresultat for mange bønder. Kostnadsauke og prisnedgang på kjøt svekka og resultatet. Innan og mellom ulike produksjonar er det likevel store forskjellar i inntekta, seier Haukås.

Godt år for frukt og bær

Frukt- og bærdyrkarar fekk i snitt 430 100 kroner per årsverk – opp 23 prosent frå året før

Kornbøndene gjekk med tap, og fekk ei negativ inntekt på minus 84 000 kroner, samanlikna med 247 000 kroner – i pluss – i 2017.

Sauebøndene auka inntekta med 50 prosent, til 195 700 kroner per årsverk i 2018.

Dei store linjene er at tørken prega jordbruksåret og at kostnadene auka meir enn inntektene for mange i næringa, skriv Nibio.

Annonse

Kostnadene auka meir enn inntektene

Generelt var det ein auke i produksjonsinntekter på 4 prosent som følgje av volum- og tilskotsauke.

Kostnadene auka med 8 prosent. Kostnader til innkjøp av fôr auka med 12 prosent, noko som kan skuldast låge grasavlingar på grunn av tørke.

Kostnader til maskinleige, leasing og energi auka også mykje siste året.

Samla inntekt gjekk ned

Nettoinntekta for brukarfamilien var på 945 600 kroner i 2018, ein nedgang på 8 000 kroner frå 2017. I nettoinntekt inngår alle inntekter for brukarfamilien, både i og utanfor bruket, med frådrag av gjeldsrenter og kår.

Jordbrukets del av brukarfamiliens samla inntekter var 36 prosent, 4 prosentpoeng lågare enn i 2017.

Bidrag frå tilleggsnæringar med basis i ressursane på bruket stod for åtte prosent, og skogbruket for to prosent av samla inntekter.

Lønsinntekter utgjorde 43 prosent, mot 40 prosent i 2017, skriv Nibio.

Neste artikkel

Uenige i hvilke klimaeffekter som skal regnes med