Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgre sitt landbruksnettverk – bestilt optimisme eller selektiv høyrsel?

Peder Nernæs er mjølkebonde i Hardanger og nyvald nestleiar i Vestland Bondelag. (Foto: Karl Erik Berge)
Peder Nernæs er mjølkebonde i Hardanger og nyvald nestleiar i Vestland Bondelag. (Foto: Karl Erik Berge)

Til alle i Høgre sitt landbruksnettverk: Det er klart vi likar å ha dykk på besøk. Vi viser gjerne fram alt det flotte som skjer i landbruket, men de må ikkje misforstå det at vi er hyggelege med at vi er nøgde med utviklinga, eller at alt er bra i norsk landbruk. Kommuniserer vi for dårleg? Har de ikkje høyrt etter? Eller vil de ikkje høyre?

Som nestleiar i Vestland Bondelag har eg mange ulike oppgåver. Ei av dei oppgåvene er å halde kontakten med politikarar både lokalt, regionalt og nasjonalt. Denne kontakten er viktig både for å ha nokon å kontakte i enkeltsaker, og for å styrke kunnskapen om landbruket i alle parti. Den tida eg har vore med må eg sei at Høgre sitt landbruksnettverk har vore ei positiv overrasking. Eg skryt ofte av nettverket, både til nettverksmedlemene sjølve og til andre parti. Måten de har organisert dykk på, for å skaffe dykk kunnskap om næringa vår på tvers av dei fagfelta de elles arbeider med, er prisverdig og eit eksempel til etterfølging.

Sidan eg vart fylkesleiar i mars 2019, har Høgre sitt landbruksnettverk vore på besøk to gongar. Fyrste gongen var fokuset bredt med besøk hjå frukt og siderprodusentar i Ulvik, det allsidige landbruket på Voss, spekemat på Evanger og ny (om) bygd lausdriftsfjøs for ti kyr i Bergen. Nyleg var de på nytt besøk. Fokuset var på frukt i Hardanger, spesielt med tanke på årets katastrofale sesong og konsekvensen den har for fruktpakkeria. I tillegg til desse besøka har eg hatt jamleg kontakt med fleire av dykk om enkeltsaker.

I ein tekst publisert i ulike aviser går nettverket ut og skryt av ting de meiner Høgre har fått til medan de har vore i regjering. Eg har respekt for behovet for å markere seg mot andre parti i oppkøyringa til eit valår, men når de etter alle besøka dykkar seier at de berre møter «fornøgde bønder som føler seg både sett og høyrt» lyt eg sei ifrå. Eg meiner sjølv å huske nokså tydeleg at eg opptil fleire gonger har kommunisert sentrale utfordringar i landbruket, både for Vestland og landet elles. Men når eg les innlegget dykkar i diverse aviser, der de nærast framstiller landbruket som ein stor suksesshistorie med dykk i regjering, må eg vel berre erkjenne at eg ikkje har kommunisert tydeleg nok. Eller at de ikkje har høyrt på det øyret. For det er kanskje der det ligg. Så når eg fyrst har gjort ein så dårleg jobb, får eg heller vere tydeleg:

* Liberaliseringane de har støtta opp om har ikkje gagna gjennomsnittsbonden eller distriktsjordbruket. Det tydelegaste teiknet på dette fekk vi i vår under utkjøpsrunden for mjølkekvotar der Vestland, fylket med dei minste kvotane og dei minste bruka, toppa listene over mengd bønder som vil slutte. Mange ser ikkje noko framtid i mjølkeproduksjonen med den politikken som har vorte ført dei siste åra.

Annonse

* Bondeinntekta er for låg. Vi tener rett og slett ikkje nok pengar til at nok bønder har lyst til å halde fram med yrket sitt. Eg har sjølv bygd nytt fjøs i perioden dykkar og har lyst til å vere matprodusent. Men når eg ser kva som er att etter at rekningar og gjeld er betalt, lurer eg på kor lenge eg har råd å fortsetje.

* Tollvernet lek som ei sil. De er ikkje villige til å styrke det, vi klarer ikkje ta ut kostnadsauke i auka pris for produkta våre, og budsjettoverføringane aukar heller ikkje nok til å kompensere. Ja, den prosentvise auken siste året er god, men vi er framleis milevis unna same inntekta som andre grupper.

* Dereguleringane gjort i 2014, med fjerning av taket på fleire tilskotsordningar, heving av kvotetak og konsesjonsgrenser og ei storstilt omfordeling frå små til større bruk, har gitt betre inntekt hjå ein del av dei større produsentane, men det har lausrive mykje av produksjonen frå arealgrunnlaget og vore direkte øydeleggande for mange av dei små. De har ikkje vore villige til å endre dette i ettertid. Mykje av overproduksjonen dei siste par åra kan skuldast desse grepa. Når vi no, mykje på grunn av korona, endeleg ser ut til å ha fått litt betre balanse i marknaden, går inntektene opp. Men det er nok meir trass i, enn på grunn av sitjande regjering.

* Føresetnadane for dei små og mellomstore bruka er for dårleg, både med tanke på økonomi og investeringsmoglegheiter. Det siste gjeld spesielt i mjølkeproduksjonen, mtp den pålagde overgangen til lausdrift. Potten med investeringsmidlar må aukast, og økonomien må styrkast!

No har landbruksnettverket reist rundt og vitja landbruksnæringa i heile landet. Dersom de faktisk meiner at de ikkje ser anna enn optimisme og framtidstru, er det noko som er gale. Anten formidlar me for dårleg, eller vil de ikkje høyre når me fortel om anna enn det som er bra. Eg mistenker at det er litt begge deler. Andre fylkesleiarar har fått signal frå ‘sine’ representantar i nettverket at dei måtte unngå å bli oppfatta som klagande.

Eg har hatt stor glede av samtalane med dykk. Det er veldig kjekt som fylkesleiar å vite at sentrale politikarar i eit regjeringsparti tek telefonen om eg har ei sak å diskutere. Eg vonar vi kan fortsette å ha kontakt, men eg gjer jo ikkje jobben min dersom de sit att med eit inntrykk av udelt positivitet. Misforstå meg rett, men de må ikkje blande saman det at vi er trivelege, med at vi er udelt positive! •

Neste artikkel

Viken viser vei i klimakampen