Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Historiske graner måtte ned

Dei fire granene i Hardanger har ein lang og fasinerande historie. No var dei blitt for farlege.

Fisk og skog: Simen Solbrekk er fiskar til vanleg. Her har han klatra 20–25 meter opp i ei av granene for å feste vaier langt oppe i treet.
Fisk og skog: Simen Solbrekk er fiskar til vanleg. Her har han klatra 20–25 meter opp i ei av granene for å feste vaier langt oppe i treet.

Det var ingeniør Hans Gerhard Stub, son av den dåverande soknepresten i Strandebarm, som kjøpte jordstykket i 1882 for å få lov til å røysta ved stortingsvalet.

Grunnlova av 17. mai 1814 hadde ein nokså avgrensa stemmerett. Eitt av vilkåra var å eiga jord. Det var difor vanleg at unge menn med interesse for politikk kjøpte ein bit uproduktiv jord, ofte var det myr, for å skaffa seg røysterett. Dei vart gjerne kalla «myrmenn».

På stykket planta Stub fire edelgraner som fekk namnet «Stubgranane» blant folk i Hardanger-bygda. Granene er altså 140 år.

Stub utdanna seg til ingeniør i USA og han var ein pioner innanfor vasskraftutbygging og turbinar. I åra1900–1924 var han direktør for Kværner Brug i Oslo, Norges leiande turbinverkstad på den tida.

Stub skøytte «Solbakken» til lensmann Arne H. Berge i 1926. Frå hans slekt vart skøytet i 1935 overdrege til Strandebarm Ungdomslag på mellom anna fylgjande vilkår: «Grundstykket må ikke bebygges, men holdes åpent til hvilested for veifarende».

Solbakken naturminne vart freda 12. juni 1936. Men no trea var blitt rundt 40 meter høge og ein potensiell fare for omgivnadene. Derfor søkte Strandebarm Ungdomslag om å fella granene og fekk ja av Statsforvaltaren.

Trea har og spreidd seg mykje med konglefrø. Vanlig edelgran (Abies alba) er eit introdusert svartelista treslag som ekspertar meiner kan føre til omfattande skadar i norsk natur.

Det var Helland Hogst AS som vann anbodet på fellingsjobben. Selskapet blei etablert i 2007 av Rune Helland, som er dagleg leiar og eiga

– Arbeidet har gått heilt etter planen. Eg har flinke folk med god bakgrunn og kompetanse. Vi leiger inn Simen Solbrekk for spesielle oppdrag og klatring i høge tre, seier Helland som innrømmer at pulsen stig ein del med så store tre. Les meir og sjå video på bondebladet.no.

Neste artikkel

Bærekraft – balanse mellom økonomi, miljø og sosiale forhold