Kartleggingsprogrammet for skrantesjuke (CWD) held arbeidet fram med å kartleggja førekomst og geografisk utbreiing av dei ulike typane av sjukdommen, skriv Veterinærinstituttet.
Elg, hjort og villrein
Elg og hjort som er to år og eldre, og som felles under jakt, skal testast for skrantesjuke i følgjande område:
Hardangervidda- og Nordfjellaregionen: Bykle, Rollag, Suldal, Tinn, Ullensvang, Hemsedal, Ål, Hol, Vinje, Voss, Nore og Uvdal, Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre, Vang, Eidfjord, Ulvik, Aurland, Lærdal, Årdal, Gol og Nesbyen.
Selburegionen: Trondheim, Malvik, Selbu, Tydal, Meråker og Stjørdal.
Viltbehandlingsanlegg: Det skal takast skrantesjukeprøver frå alt hjortevilt som er to år og eldre og som blir leverte til eit viltbehandlingsanlegg. Dette gjeld alle kommunar i Noreg.
Hovudet på slaktet skal følgja med inn til anlegget, dersom ein kompetent jeger ikkje har undersøkt og teke prøve av slaktet på førehand.
Det skal takast skrantesjukeprøver frå eit år og eldre villrein som blir felt under jakt i alle villreinområde i Noreg.
Ansvar for utstyr
Kommunane og villreinnemdene har ansvaret for å bestilla og sørgja for at prøvetakingsutstyr blir tilgjengeleg under jakta.
Det er jeger eller jaktlag som skal ta prøver av dyret og senda dei til Veterinærinstituttet for analyse.
Mattilsynet har ansvaret for prøvetakinga ved viltbehandlingsanlegga, dersom det ikkje er teke prøve av dyret på førehand.