Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Her deiser 20 tonn edelgran i bakken

Heilt vanleg dag på jobben, meiner Simen Solbrekk som driv Bjørnafjorden Trefelling.

Det var Helland Hogst AS og Bjørnafjorden Trefelling som hadde jobben med å få ned granene. Frå venstre: Tony Lund Øksnes, Jan Erik Dale, Rune Helland, Jon Arne Mundheim Johansen og Simen Solbrekk.
Det var Helland Hogst AS og Bjørnafjorden Trefelling som hadde jobben med å få ned granene. Frå venstre: Tony Lund Øksnes, Jan Erik Dale, Rune Helland, Jon Arne Mundheim Johansen og Simen Solbrekk.

Sjå video i slutten av saka.

Simen Solbrekk er eigentleg fiskar, på ringnottrålar, men det blir jo lange friperiodar på land, forklarer han.

– Derfor starta eg med trefelling. Eg har bra med oppdrag, både i Bergen og i kommunane rundt Bergen. Det er fint å kombinera dette med fiskelivet, seier Solbrekk.

Ville stemme ved valet i 1882

Dei fire granane har ein lang og fasinerande historie. Det var ingeniør Hans Gerhard Stub, son av den dåverande soknepresten i Strandebarm, som kjøpte jordstykket i 1882 for å få lov til å røysta ved stortingsvalet.

Grunnlova av 17. mai 1814 hadde ein nokså avgrensa stemmerett. Eitt av vilkåra var å eiga jord. Det var difor vanleg at unge menn med interesse for politikk kjøpte ein bit uproduktiv jord, ofte var det myr, for å skaffa seg røysterett. Dei vart gjerne kalla «myrmenn».

Fisk og skog: Simen Solbrekk er fiskar til vanleg. Her har han klatra 20-25 meter opp i ei av granene for å feste vaier langt oppe i treet.
Fisk og skog: Simen Solbrekk er fiskar til vanleg. Her har han klatra 20-25 meter opp i ei av granene for å feste vaier langt oppe i treet.

Overdrege til ungdomslaget

På stykket planta Stub fire edelgraner som fekk namnet «Stubgranane» blant folk i Hardanger-bygda. Granene er altså 140 år.

Ingen vanleg vedhogst. Simen Solbrekk brukte ei motorsag med 140 cm langt sverd.
Ingen vanleg vedhogst. Simen Solbrekk brukte ei motorsag med 140 cm langt sverd.

Hans G. Stub utdanna seg til ingeniør i USA og han var ein pioner innanfor vasskraftutbygging og turbinar. I åra1900–1924 var han direktør for Kværner Brug i Oslo, Norges leiande turbinverkstad på den tida.

Stub skøytte «Solbakken» til lensmann Arne H. Berge i 1926.

Frå hans slekt vart skøytet i november 1935 overdrege til Strandebarm Ungdomslag på mellom anna fylgjande vilkår: «Grundstykket må ikke bebygges, men holdes åpent til hvilested for veifarende».

Solbakken naturminne vart freda 12. juni 1936. Verneføremålet var å ta vare på dei fire granene.

Det er viktig å ha kontroll på kor treet fell. Her blir det laga brytekant inn mot styreskjæret. Dei sikta godt, jobben gjekk heilt etter planen.
Det er viktig å ha kontroll på kor treet fell. Her blir det laga brytekant inn mot styreskjæret. Dei sikta godt, jobben gjekk heilt etter planen.

Men trea var blitt rundt 40 meter høge og ein potensiell fare for omgivnadene. Derfor søkte Strandebarm Ungdomslag om å fella granane og fekk ja av Statsforvaltaren.

Trea har og spreidd seg mykje med konglefrø. Vanlig edelgran (Abies alba) er eit introdusert svartelista treslag som ekspertar meiner kan føre til omfattande skadar på dyr og planter i norsk natur.

– Flinke folk

Det var Helland Hogst AS som vann anbodet på fellingsjobben. Selskapet blei etablert i 2007 av Rune Helland, som er dagleg leiar og eigar.

Det går kommunal veg tett til området der granene stod. Dei siste åra har det knekt store og små greiner frå dei fire granene.
Det går kommunal veg tett til området der granene stod. Dei siste åra har det knekt store og små greiner frå dei fire granene.
Alle trea landa på nabojordet, her var det fin landingsplass.
Alle trea landa på nabojordet, her var det fin landingsplass.

– Arbeidet har gått heilt etter planen. Eg har flinke folk med god bakgrunn og kompetanse. Vi leiger inn Simen for spesielle oppdrag og klatring i høge tre, seier Helland som innrømmer at pulsen stig ein del med så store tre.

Han meiner granene vog opp mot 20 tonn per tre, med alle dei svære greinene.

– Vi treng i alle fall ikkje noko form for dop, det er nok kick i dette fellingsarbeidet, seier Helland.

Helland Hogst AS sju tilsette, og med på oppdraget i Strandebarm var Jon Arne Mundheim Johansen, Jan Erik Dale og Tony Lund Øksnes. Dei brukte både gravemaskin med stroppe og traktor med vaier for å sikre at granene datt rette vegen. Det gjorde dei.

– Granene går til flis. Vi har ein effektiv fliskuttar på traktorhengar som vi styrer frå traktoren. Flisa går til varmeanlegg og til strømateriale for bønder, både storfe og kalkun på Homlagarden. Eg ringde for å høyra med treskjerarar og andre, om dei var interesserte i kjøp av virke, men det var dei ikkje, seier Helland.

Til topps i alle fire granene

Lars Håbrekke er (var) nærmaste nabo til dei freda granene, huset hans stod ca. 50 meter frå granene. Han forstår at trea var eit verdig minne, men er glad dei er nede.

«Eg stend eg, seddu. Eg stod her i fjor og, seddu. Eg kjem til å stå her eg, seddu. Eg tek det eg, seddu», skreiv Olav H. Hauge i eitt av dikta sine. No er dei fire granene nede.
«Eg stend eg, seddu. Eg stod her i fjor og, seddu. Eg kjem til å stå her eg, seddu. Eg tek det eg, seddu», skreiv Olav H. Hauge i eitt av dikta sine. No er dei fire granene nede.

– Det er mange som har stoppa her og spurt om granene. Det er ein artig historie, så tett på, men dei siste åra har dei blitt ein større fare med store og små greinbrekk. I tillegg var det enorme mengder med grannåler på taket og i takrennene, seier Håbrekke.

Den pensjonerte rektoren var ein spreking i ungdomsåra. Grantrea var ein spennande boltreplass.

– Eg har vore til topps, så langt det gjekk, i alle fire. Dei to nedste var best å klatra i, fordi det var greiner så langt ned på stamma. Til dei andre brukte vi stige for å komma opp til greinene, seier han.

Mora held seg i huset når han og andre kameratar klatra, legg han til.

Neste artikkel

Historiske graner måtte ned