Harepest er ein smittsam infeksjonssjukdom årsaka av bakterien Francisella tularensis. Sjukdommen førekjem hjå viltlevande dyr, spesielt hos hare og smågnagarar. Harepest kan også smitta til menneske.
Hund og snusing
– Påvising av tularemi hjå hare er eit varsel til folk om at bakterien finst i området. Ikkje ta på ein sjuk eller daud hare og ikkje lat hunden snusa på den, seier Turid Vikøren, fagansvarleg for vilthelse ved Veterinærinstituttet.
– Ein må også vera ekstra varsam med å drikka vatn frå bekkar og andre usikre vasskjelder i området og følgja råda frå Folkehelseinstituttet, påpeiker ho.
Mest på ettersommaren og hausten
Harepest førekjem over heile landet, men er oftast påvist i Sør-Noreg. Dei fleste tilfella hjå hare opptrer om ettersommaren og hausten, men dei seinare åra har vi hatt ein del tilfelle tidlegare på sommaren.
Ein hare som er smitta av harepest, blir svært sjuk og døyr vanlegvis etter nokre få dagar. Hos smågnagarar er det meir variasjon i kor sjukdomsframkallande denne bakterien er. Men enkelte artar er truleg dyr som ber på smitte med bakterien og som kan overføra bakterien til andre dyr og menneske, ofte via miljøet som til dømes vatn.
– Haren er normalt sett «lett på fot» og typisk for sjuke harar er at dei fører seg tregare enn normalt, men rett etter at dei er smitta kan dei virka friske, seier Vikøren.