Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hardangervidda nasjonalpark feirar 40 år

Største område: Hardangervidda villreinområde er Norges største villreinområde med eit samla areal på 8130 km². (Foto: Villrein.no)
Største område: Hardangervidda villreinområde er Norges største villreinområde med eit samla areal på 8130 km². (Foto: Villrein.no)

Hardangervidda nasjonalpark vart oppretta 1. juni 1981. I den anledning blir det skipa til ein jubileumskonferanse på Quality Hotel Vøringsfoss og Norsk Natursenter i Eidfjord 8. og 9. september.

Konferansen tar opp faglege, politiske og administrative spørsmål som er viktige for å vidareutvikle naturforvalting, nasjonalparken og verneområda våre, skriv arrangøren. Konferansen er eit samarbeid mellom Eidfjord kommune, Norsk Natursenter og Statsforvaltaren i Vestland.

Hardangervidda nasjonalpark var den første nasjonalparken i landet som inkluderte privat grunn. Om lag halvparten av arealet i nasjonalparken er eigd av private grunneigarar, resten er statsallmenning. Nasjonalparken er Fastlands-Norges største, og strekker seg frå Numedal og Uvdal i aust og Røvelseggi i Ullensvang i vest.

Annonse

Parken blei oppretta for å «verne ein del av eit særleg verdfullt høgfjellsområde på ein slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart, samstundes som området skal kunne nyttast for landbruk, naturvenleg friluftsliv og naturoppleving, jakt og fiske og undervisning og forsking». Parken dekker eit område på 3 422 km².

Over ein fjerdedel av all villrein i Norge lever på Hardangervidda. Dette er det største og det einaste området i landet, der villreinen har plass nok til å setje i verk sine årvisse naturlege vandringar.

Statsminister Erna Solberg, direktør Morten Kjørstad i Statens naturoppsyn, direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri og Gro Harlem Brundtland er blant dei som skal halde innlegg på konferansen.

Endre Lægreid, leiar Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet og Henning Poulsen, leiar Hardangervidda villreinutval, skal snakke om framtidsutsiktene for villreinen på Hardangervidda.

Neste artikkel

Ikke ekstraordinært uttak av rein på Hardangervidda