Prognosen viser tilgang på 253 000 tonn med matkveite og 175 000 tonn med fôrkveite. Gjennomsnittet i perioden 2014-18 viser 165 000 og 164 000 tonn.
Behovet for å importere kornråvarer blir difor mindre enn vanleg. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data, men dette vil avhenge av at kornet kjem i hus i tide i vekene framover, heiter det i prognosen.
Bygg og havre
For bygg tilseier prognosen 551 000 tonn og for havre 248 000 tonn. Snittet for 2014-18 viser 551 000 tonn og 259 000 tonn.
For rug (matrug, fôrrug og rugkveite) tilseier prognosen 46 000 tonn. Gjennomsnittet viser 37 000 tonn for perioden 2014-2018.
Mykje haustkveite
Andelen hausta som matkorn er førebels usikker. Det er ein svært stor andel av kveiten som vart sådd i fjor (haustkveite), og det vil truleg bli overskott av desse sortane i klasse 4 og 5, skriv Felleskjøpet.
Eventuelle overskott vil bli handtert gjennom marknadsreguleringa som overlagring til neste sesong eller som omdisponering til bruk i kraftfôr.
Forbruket av matkorn hos norske matmjølmøller går ned, særleg for matkveite. Også forbruket av kraftfôr går ned, men frå eit ekstra høgt nivå i 2018/2019.